Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Badeplassar

Badeplassar

Det er mange fine badeplassar i Samnanger. Dei fleste ligg langs Samnangerfjorden. Nedanfor finn du oversikt over nokre av dei mest brukte badeplassane/områda.

Rolvsvåg friluftsområde - Klikk for stort bilete

Du kan klikka deg inn på den enkelte badeplassen og få opp kart som visar kvar den ligg.

Bergen og Omland Friluftsråd har også informasjon om friluftsområde og badeplassar i Samnanger på sine nettsider.

Send gjerne ein e-post til kommunen dersom det er andre badeplassar du meiner bør vera med i oversikta nedanfor. 


(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over badeplassar nedanfor).

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.04.2014
Publisert 19.07.2010
Kart Forøya

Badeplass på utsida av Forøya. Det går sti frå riksvegen ved Barmen, men det er eit stykke å gå, så mange vel å ta båt til badeplassen.

Publisert 19.07.2010
Kart Ospevika

Parkering langs riksvegen mellom Gaupholm og avkjørsel til Sætervika, der det går sti ned til Ospevika.

Publisert 19.07.2010
Kart Bjørkheim/Ådland

Parkering ved Samnanger kyrkje på Ådland. Følg Prestavegen nokre hundre meter ut til Ådlandsneset. Her er det lagt ned ein del arbeid på dugnad av folk i Ådlandsgrenda.

Publisert 19.07.2010
Kart Flesjane

Parkering ved kyrkja på Ådland og sti (Prestavegen) ut til Flesjane. Det er eit godt stykke å gå, så mange vel å ta båt til Flesjane.

Publisert 19.07.2010
Kart Gjerde/Steinsland

På strekninga Gjerde - Steinsland er det fleire strender der det er fint å bada.

Publisert 19.07.2010
Kart Skutevika

Parkering ved kyrkja på Ådland og sti (Prestavegen) ut til Skutevika.

Publisert 19.07.2010
Kart Rolvsvåg

Flott badeplass og friluftsområde, tilrettelagt av Bergen og Omland Friluftsråd.

  • Utskriftsvenleg versjon
Turområde (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Kjerneside (1)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering