Ådlandsneset

Parkering ved Samnanger kyrkje på Ådland. Følg Prestavegen nokre hundre meter ut til Ådlandsneset. Her er det lagt ned ein del arbeid på dugnad av folk i Ådlandsgrenda.

Det er opparbeidd sandvollyballbane, og det er sett opp ein grindverksbygning med langbord. Området er i privat eige, men alle som ynskjer det kan nytta det.

Området har langgrunne, så ved fjære sjø er det relativt langt å gå for å kunna symja. Området passar fint for små born. I periodar i sommarhalvåret  er det dyr som beitar i området, men sjølve badeplassen og ballplassen er avskjerma med gjerde frå dyra.

Kart Bjørkheim/Ådland
Kart Bjørkheim/Ådland
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.10.2010