Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Fairtrade/rettvis handel

Fairtrade/rettvis handel

Samnanger fekk 12.12.2013 melding om at me er godkjent som Fairtrade-kommune. Kommunen har i 2014 også fått overrekt diplom frå Fairtrade Norge som stadfestar dette. Fairtade-logo - Klikk for stort bilete  

Kva verksemder i Samnanger er med?
Følgjande verksemder og serveringsstader i Samnanger er i dag med på Fairtrade-samarbeidet (ved at dei brukar og/eller sel Fairtrade-merka produkt):

  • Aadland gards- og friluftsbarnehage
  • LAGA
  • Samnanger helsetun
  • Samnanger kyrkje
  • Samnanger ungdomsskule
  • Sigmundstovo gjestehus
  • Sætervika ungdomssenter

I tillegg får ein kjøpt Fairtrade-merka produkt i begge daglegvarebutikkane i Samnanger (Kiwi og Spar på Bjørkheim).

Facebook-gruppe om Fairtrade i Samnanger 
Det er oppretta ei eiga Facebook-gruppe om Fairtrade i Samnanger (sjå https://www.facebook.com/SamnangerFairtrade).


 

Fairtrade-diplom - Klikk for stort bileteFairtrade-diplom


Kva er Fairtrade?
Fairtrade (eller rettvis handel) er ei internasjonal merkeordning for rettferdig råvarehandel mellom bønder og plantasjar i utviklingsland og importørar. Ordninga sikrar at produkt er handla på ein slik måte at produsentane får skikkeleg betaling for produkta sine, og lever og arbeider under trygge sosiale vilkår. Kvar gong du kjøper eit Fairtrade-merka produkt, medverkar du til betre levekår og arbeidsforhold for bønder og plantasjeeigarar i utviklingsland.

Over ein million bønder og plantasjearbeidarar i om lag 60 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika er tilknytta Fairtrade-systemet. Dersom ein tel med familiane deira, er det over fem millionar personar.

Fairtrade Norge kjøper eller sel ikkje produkt, men set garantimerket sitt på varer som er handla i samsvar med dei internasjonale standarane for Fairtrade.


Kva er ein Fairtrade-kommune?
Fairtrade-kommune er ein status for kommunar som arbeider aktivt med å auka kunnskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt i lokalmiljøet sitt. For å få status som Fairtrade-kommune må kommunen nå ein del grunnkriterier som er sette av Fairtrade Norge, men også driva eit kontinuerleg arbeid som fremmar merkeordninga for etikk og sosial ansvarlegheit.

Du kan lesa meir om Fairtrade her og om Fairtrade-kommunar her.

Om prosessen med å få Samnanger godkjent som Fairtrade-kommune
Prosessen starta då kommunestyret i mai 2012 sette ned ei arbeids-/ styringsgruppe som fekk i oppgåve å kartleggja og arbeida fram tiltak som vil gje godkjenning av Samnanger som Fairtrade-kommune i samsvar med dei kriteria som er sett av Fairtrade Norge. 

Arbeids-/styringsgruppa la i september 2013 fram sak/tilråding for kommunestyret. Gruppa si tilråding vart vedteken av kommunestyret 25.09.2013. Søknad vart sendt til Fairtade Norge etter kommunestyremøtet 25.09.2013. Fairtrade Norge melde 12.12.2013 frå om at Samnanger er godkjent som Fairtrade-kommune.

Følgjande personar sit i arbeidsgruppa i Samnanger:
Anja Marken (Bygdalista)  -  leiar
Øyvind Røen (Senterpartiet)
Roy Vegar Hope (Høgre)

Arbeidsgruppa får sekretariathjelp frå kommuneadministrasjonen, for tida frå sekretær Marianne Soleng og stabssjef Jan Erik Boge.


Kriterier som må vera oppfylte for å få status som Fairtrade-kommune:

  1. Danna ei styringsgruppe.

  2. Politisk støtte frå kommunen. (Mellom anna vedtak i kommunestyret om at Samnanger ønskjer status som Fairtrade-kommune)

  3. Sal av Fairtrade-merka produkt i butikkar og serveringsstader. (Minst 10 Fairtrade-merka produkt i minst ein butikk. Minst 2 serveringsstader skal servera Fairtrade-merka kaffi og minst eitt anna Fairtade-merka produkt).

  4. Lokalt næringsliv. (Minst fem verksemder med til saman minst 40 tilsette skal konsumera Fairtade-merka kaffi og minst eitt anna Fairtrade-merka produkt. Minst to av verksemdene skal vera private).

  5. Aktivt informasjonsarbeid om Fairtrade.


Detaljert informasjon om kriteriene finn du her.



 

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.09.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
E-post :
anja.marken@folkevald.samnanger.no
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering