Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Idrettsanlegg

Idrettsanlegg

Her finn du oversikt over idrettsanlegg i Samnanger kommune.

Hagabotnane idrettsanlegg
I Hagabotnane ligg kommunen sitt anlegg for fotball og friidrett. Her er det grasbane med løpebanar (grus), grusbane (med flomlys) og garderobeanlegg. Ta kontakt med Samnanger Idrettslag for å få informasjon om treningstider etc.

Totræna vinterpark
Totræna er Samnanger Idrettslag sitt anlegg for langrenn, med løyper på frå 1 til 5 kilometer (3 kilometer lysløype). På Totræna er det vanlegvis skiforhold frå desember til slutten av mars. Løypene blir oppkjørt av løypemaskin / snøscooter.

Den siste delen av bilvegen opp mot Totræna er privatveg og i dårleg stand. Det vert derfor tilrådd at bilar vert parkerte på parkeringsplassen på Åreiane, der den kommunale vegen sluttar.

Ta kontakt med Samnanger Idrettslag for å få informasjon om treningstider etc.

Også på Bergen og Omegn Friluftsråd sine nettsider finn du informasjon om Totræna vinterpark.

Eikedalen skisenter
I Eikedalen er det alpinanlegg med 7 skitrekk og 1 stolheis. Eikedalen er eit populært utfartsmål for ivrige alpininstar frå heile Bergensdistriktet. Ta kontakt med skisenteret på telefon 56 58 88 62 dersom du har spørsmål om opningstider etc. Ta kontakt med Samnanger Idrettslag for å få informasjon om treningstider etc for alpingruppa.

Rullebrettrampe
Ved Samnanger ungdomsskule på Tysse er det sett opp rullebrettrampe, som kan brukast av unge og gamle samningar. Det er også ein rullebrettrampe mellom bensinstasjonen på Bjørkheim og Nordbygda Grendahus.

Ballbinger
Det er ballbinge ved begge skulane i kommunen, 2 stk. ved Samnanger barneskule og 1 stk ved Samnanger ungdomsskule. I tillegg er det også ballbinge i Rolvsvåg. Ballbingene kan brukast til ulike typar ballspell, t.d. fotball og handball.

Skytebane
Tysse skyttarlag har skytebane m/klubbhus i Gaupholmsmarka. Her er det 100 og 200 meters bane. Det er i tillegg felt-terreng i baneområdet. Ta kontakt med skyttarlaget for nærare informasjon.

Miniatyrskytebane
Tysse skyttarlag har også innandørs miniatyrskytebane i kjellaren i garderobebygget ved Hagabotnane idrettsanlegg. Ta kontakt med skyttarlaget for nærare informasjon.

Symjehall
På Samnanger ungdomsskule er det 12 meters innandørs symjebasseng.

Opningstider i symjehallen:
Symjehallen har normalt ope for frå september til mai. Første opningsdag om hausten og siste opningsdag om våren vert kunngjort i lokalavisa Samningen, samt her på kommunen sine nettsider.

I tillegg til at den er stengt om sommaren, er symjehallen også stengt i skulane sine feriar i løpet av skuleåret (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie).  

Klikk her for informasjon om kva vekedagar symjehallen er open.

Billettprisar:
Billettprisar for symjehallen finn du i kommunen sitt avgiftshefte. Det er kommunestyret som fastset billettprisane.

Klikk her for å gå til kommunen sitt avgiftshefte (gå inn på avgiftsheftet for inneverande år).

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.04.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Artikkel (1)
Kjerneside (1)
Tenesteeining/avdeling (2)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering