Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Jakt og fiske

Jakt og fiske

Her finn du informasjon om jakt og fiske i Samnanger.

fisker.jpg
Fiske i Tysseelva

Innlands- og sjøfiske
Ønskjer ein å fiska i vatn med busetnad rundt (d.v.s. at ein må gå på innmark) skal ein avtala med grunneigar.

Skal ein fiska etter laks eller sjøaure i elvar eller innsjøar, må ein hugsa å betala den statlege fiskaravgifta i tillegg til fiskekort/løyve frå grunneigar.

Fiske på Samnangerfjorden:
På Samnangerfjorden kan ein få torsk, hyse, lange, lyr, sei, kviting og andre av våre vanlegaste saltvatnefiskar.

Fiske i Tysseelva:
I Tysseelva er det bygd laksetrapp for å hjelpa fisken opp dei kraftige stryka i Tysse.

Erfaringar og undersøkingar har vist at fiskestammene av villaks og sjøaure i Tysseelva er under sterkt press. Det er difor naudsynt med innskrenking av fisket. 

I 2009, 2010, 2011 og 2012 har Samnanger jeger- og fiskarlag fått løyve av Fylkesmannen til å organisere fangst av rømt oppdrettsfisk ved utløpet av Tysseelva. Ein kan berre fiska med stang, og sjøaure og villaks som vert fanga skal så raskt og skånsamt som mogleg setjast ut att.

  • Strekning: Nedanfor Tyssefossen, begge sider av osen.
  • Tidsrom: Frå og med 1. august til og med 30. september. 

 
Fiskekort vert i 2012 lagt ut for sal på www.inatur.no/infopages/09/81/90/94/Tysseelva-elveos.html  

For meir informasjonom kortsal og reglar, sjå Samnanger Jeger- og fiskerlag sine heimesider.   

Fiske i Kvitingen
Det er sal av fiskekort i Kvitingen. Kort kan kjøpast i automat på parkeringsplassen.

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 08.11.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (1)
Artikkel (1)
Kjerneside (1)
Tenesteskildringar (2)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering