Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Kommunevåpen - føresegner for bruk

Føresegner for bruk av kommunevåpen

Kommunevåpenet til Samnanger vart godkjent i statsråd 27.04.1990. Kommunestyret vedtok 07.02.1991 føresegner for bruk av kommunevåpenet. Føresegnene er lagt ut nedanfor. 


Føresegner for bruk av Samnanger kommune sitt kommunevåpen 

§ 1 DEFINISJON

Kommunevåpenet i Samnanger, fastsett ved kongeleg resolusjon den 27. april 1990 er: 

På raud grunn seks gull dråpar som lagar ein sirkel. 

På flagg: På raud grunn seks gull dråpar som lagar ein sirkel.

Til dekorativ bruk kan våpenet utformast som vimpel eller hengande banner. Våpenet omfattar all heraldisk form.

 

§ 2 GENERELLE VEDTEKTER OM BRUK

Som hovudregel kan våpenet berre brukast av administrasjonen og institusjonar under utøving av kommunal mynde og til dekorasjon.

Bruk av våpenet på souvenirar for sal er ikkje tillate utan særskild løyve.

Våpenet må ikkje brukast slik at det kan oppfattast som privat kjenneteikn. Private kjenneteikn må heller ikkje samanstillast med våpenet.

 

§ 3 BRUK AV VÅPENSKJOLD

Våpenskjold skal brukast med sine fargar med mindre det føreligg særskilt løyve.

Våpenskjoldet kan brukast som eigarmerke på bygningar, bilar og andre gjenstandar. Våpenskjoldet i fargar kan etter nærare vedtak brukast til jakkemerke m.v.

 

§ 4 BRUK AV KOMMUNEFLAGG

Flagget kan heisast når kommunestyret har møte og elles etter nærare avgjerd.

 

§ 5 BRUK AV VÅPENET I FANAR, VIMPLAR M.V.

Våpenet kan utførast som bordflagg, tverrskore eller i vimpelform, til bruk som dekorasjon ved kommunale tilstellingar.

Til dekorativ bruk kan flagget utformast og brukast som hengande banner etter nærare vedtak.

 

§ 6 BRUK AV VÅPEN I STEMPEL OG SEGL

Våpenet kan brukast utan skjoldinnfatning, med namnet til etaten eller institusjonen i ein innskriftsring langs kanten.

Segl kan framstillast som oblatsegl til bruk på dokument, til lukking av konvoluttar o.l.

 

§ 7 UTFORMING OG UTFØRING AV VÅPENET

Våpenet kan gjengevast i ulike typar teknikkar og materialar t.d. plastisk i flatestil, måla, teikna, vevd, brodert eller gravert.

Alle utføringar av våpenet må følgje dei tekniske og heraldiske kvalitetsnormer med riktige fargar, formar og proporsjonar.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.03.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering