Kommunen har tre daglegvarebutikkar, byggvarehandel, blomsterbutikk, fabrikkutsal for SAFA, frisørsalongar og butikk med lokal mat og handverk. Her er òg kafe, motell, campingplass, post (post i butikk), bensinstasjon og bilverkstad.
I tillegg er det fleire mindre entreprenørar med gravemaskinar, lastebilar og transport, snikkarar, røyrleggjarar, elektrikarar og malarar.
Brosjyre: Næringar i Samnanger - Servicetilbod frå handelsstanden (utarbeidd i 2015)