Næringsliv

Hovudnæringar i Samnanger har tradisjonelt vore tekstilindustri og kraftverk, service og jordbruk. Døme på nyare verksemd er fiskeoppdrett, treindustri (møbel- og kjøkkeninnreiing) og betongindustri (ferdigelement). Her er også smie og mekanisk verkstad. I Eikedalen ligg det største skianlegget i Bergensregionen, med over 30 tilsette i sesongen.

Av butikker er her tre kolonialhandlarar, byggvarehandel, blomsterbutikk m/kafè, fabrikkutsal for SAFA, frisørsalongar og butikk med lokal mat og handverk. Her er kafe, pub og eit motell, post (post i butikk), bensinstasjon og bilverkstad.

I tillegg er det fleire mindre entreprenørar med gravemaskinar, lastebilar og transport, snikkarar, røyrleggjarar, elektrikarar og malarar.



Brosjyre: Næringar i Samnanger  -  Servicetilbod frå handelsstanden (utarbeidd i 2015)

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 26.10.2017