Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Næringsliv

Næringsliv

Hovudnæringar i Samnanger har tradisjonelt vore tekstilindustri og kraftverk, service og jordbruk. Døme på nyare verksemd er fiskeoppdrett, treindustri (møbel- og kjøkkeninnreiing) og betongindustri (ferdigelement). Her er også smie og mekanisk verkstad. I Eikedalen ligg det største skianlegget i Bergensregionen, med over 30 tilsette i sesongen.

Av butikker er her to kolonialhandlarar, byggvarehandel, blome-/gåvebutikk, fabrikkutsal for SAFA og butikk med lokal mat og handverk. Her er kafe, pub og eit motell, og her er bank, post (post i butikk) og bensinstasjon.

I tillegg er det fleire mindre entreprenørar med gravemaskinar, lastebilar og transport, snikkarar, røyrleggjarar, elektrikarar og malarar.



Brosjyre: Næringar i Samnanger  -  Servicetilbod frå handelsstanden (utarbeidd i 2015)

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.09.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Kjerneside (1)
Artikkel (1)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering