Utsikt frå Lønnebakken
Utsikt frå Lønnebakken
Utsikt mot bustadfeltet i Rolvsvåg
Utsikt mot bustadfeltet i Rolvsvåg

Tomter/bustadfelt

Det er fleire bustadfelt i Samnanger, både kommunale og private. Nedanfor finn du informasjon om dei to kommunale bustadfelta, som ligg på Lønnbakken og i Rolvsvåg. 

Lønnebakken
Det nyaste av dei to kommunale byggefelta i kommunen ligg på Lønnebakken, mellom Tysse og Bjørkheim. Det er totalt plass til om lag 60 hus i feltet. Feltet ligg på oppsida av riksveg 7, med utsikt utover Samnangerfjorden. Kommunen har inngått avtale med GBS Entreprenør og Byggemester Alf R. Mjelde/Vestlandshus om utbygging og sal. 

Tomteprisane ligg på om lag 300.000 kroner.

For å få meir informasjon om bustadfeltet (tomtekjøp, bustadtypar etc); gå inn på heimesidene til Veslandshus Mjelde AS (sjå lenkje i menyen til høgre på sida).


Rolvsvåg
I Rolvsvåg, på vegen mellom Samnanger og Os, er det også eit kommunalt bustadfelt med ledige tomter. Feltet ligg fint til, berre eit par steinkast frå sjøen. Tomteprisar frå 60.000 til 150.000 kroner.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 15.07.2010