Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Turområde/turstiar

Turområde

Kart over turområde i Samnanger - Klikk for stort bilete

Her i Samnanger finn ein vekslande natur som gjev høve for alle til å driva friluftsliv, uansett alder og fysikk."Sprekingane" kan ta seg ut på krevjande fjellturar i bratt terreng, medan dei meir "avslappa" kan spasera ein snartur i nærmiljøet. Hugs at sjølv ein kort spasertur hjelper til å halda kroppen i form!


Oversikt over merka turstiar i Samnanger
Samnanger kommune har byrja arbeidet med å merka turstiar etter internasjonal standard utvikla av Innovativ Fjellturisme. Pr. 10.05.2012 er 15 turstiar i kommunen merka etter denne standarden. Gå inn på Les meir nedanfor for oversikt over desse turstiane. Der finn du også omtale av turane samt kart som du kan skriva ut og ta med på tur.

 

Folk til fjells
Sidan 1998 har Samnanger IL plassert ut bøker på ulike turmål kringom i bygda, og har etter kvart vore innom bortimot 40 ulike turmål i kommunen. Frå 2014 har nystifta Samnanger Turlag tatt over ordninga og vidarefører denne lange tradisjonen med Folk til fjells i kommunen. I desse dagar vert postkassane med bøker sett ut igjen, og me reknar med og få ut alle innan utgongen av mai.


Mykje brukte turområde i Samnanger
Nedanfor finn du oversikt over nokre av dei mest brukte turområda i Samnanger.


(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over turområde nedanfor).
 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.06.2014
Publisert 19.07.2011

Sti frå Storkleiva opp til Raudvatnet, om lag 4 km med om lag 400 meter stigning. Godt rydda og dels opparbeidd sti. Stien er merka etter internsajonal standard, sjå oversikt over merka turstiar i Samnanger.

Publisert 19.07.2011

Kulturstien har kome i stand gjennom eit samarbeid mellom Samnanger kommune, Ytre Tysse Vel, Samnanger historielag og fastbuande i området.

Publisert 19.07.2011

Området rundt Holmane er eit fint utgangspunkt for turar i fleire retningar, mellom anna mot Kikedalen, Smådalen og Jarlandsfjellet.

Publisert 22.06.2010

I området rundt Sævell, på grensa mellom Samnanger og Fusa, er det fleire moglegheitar for fine turar. Frå riksveg 48 kan ein f.eks. gå til Fløyen og Stemmevatnet (360 m.o.h). 

Publisert 22.06.2010

Utgangspunkt frå Tysse (ungdomsskulen) eller vegen opp mot skytebanen i Gaupholmsmarka. Frå Tysse går det bratt sti opp lia mot Smådalen, som ligg om lag 360 m.o.h. 

Publisert 22.06.2010
Fossen Bratte

Fossen Bratte ligg nedst i Eikedalen, like ved riksveg 7 mellom Samnanger og Kvam. Fossen vert også kalla Brudesløret.
   

Publisert 22.06.2010

Merkt og opparbeidd tursti. Fleire fine badeplassar, mellom anna ved Flesjane.

Publisert 22.06.2010

Merka utgangspunkt frå fylkesveg 137 Hisdal - Os. Start ved transformatorstasjon ca. 1,5 km utanfor Trengereidfjorden.

Publisert 22.06.2010

Eikedalen skisenter, som me finn på grensa mot Kvam herad, har 7 skiheisar, 1 stolheis og preparerte skiløyper.

Publisert 22.06.2010

Langrennsanlegg med 5 km løyper og 2,5 km lysløyper. Fint skiterreng der ein normalt finn snø frå desember til slutten av mars. Flott skitur frå Totræna til Vardane.

Publisert 22.06.2010

Fleire turstiar i området, sti rundt vatnet. Utgangspunkt frå Haukaneset, Gjerde eller ved Hagabotnane (Parkering ved idrettsanlegg).

Publisert 22.06.2010

Det er merka turistløype frå Kvitingen til Bergsdalen via ubetjent hytte (Høgabu).

  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering