Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Turområde/turstiar

Fitjavatnet

Fleire turstiar i området, sti rundt vatnet. Utgangspunkt frå Haukaneset, Gjerde eller ved Hagabotnane (Parkering ved idrettsanlegg).

Den enklaste vegen som fører til Fitjavatnet er den såkalla "Vannvegen" som går frå vannverket i Myra. Køyr opp Steinslandsvegen og ta av på Gjerdsvegen, sidan tek ein til høgre på Bøvegen og føl denne til endes der det er høve til parkering ved vannverket.

"Vannvegen", ca 2,4 km lang,  er ein skogsveg som vart bygd i høve etablering av Fitjavatnet, 336 moh, som hovudvasskjelde for kommunen. Det er god sti rundt heile Fitjavatnet, ca 4,8 km lang. Lettast er det å gå på vestsida av vatnet. I terrenget kring vatnet er det fleire gamle stølar / sætrar som i dag for det meste vert nytta som hytter. Gjerde og Steinslandsområdet har sine stølar på austsida av vatnet, medan gardane i Nordbygda har sine stølar på vestsida av vatnet. Ved nordenden av vatnet ligg Nordvikasætra. Her ligg det også eit gamalt bedehus som det er knytt ein lang historie til. Ein gong for året, første helga i juni, møtest samningar og vaksdalingar til Norviksæterstemna: ei friluftsgudsteneste med lange tradisjonar (over 100 år).

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 13.09.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering