Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Turområde/turstiar

Fossen Bratte

Fossen Bratte
Fossen Bratte

Fossen Bratte ligg nedst i Eikedalen, like ved riksveg 7 mellom Samnanger og Kvam. Fossen vert også kalla Brudesløret.
   

Minneparken ved Fossen Bratte
Minneparken ved Fossen Bratte

I 1950-åra køyrde eit fransk ektepar på bryllupsreise utfor vegen der fossen spring utfor. Dei miste begge livet.

Det går sti ned i dalen slik at det er mogleg å sjå fossen nedanfrå. Ein kan parkere på stikkvegen ovanfor tunnelen, eller ved usikten like nedanfor tunnelen.

På gamlevegen, like ovanfor fossen, er det laga til ein minnepark, til minne om trefningane ved Fossen Bratte i mai 1940. Der nordmennene hadde ei av stillingane sine er det òg ei minneplate.

På stupet, der fossen buldrar utfor, er det eit flott utsyn nedover dalen. Ver merksam på at graset kan verta glatt, og ein kan lett skli utfor.


Krigsminnepark ved Fossen Bratte
Kvam herad, Samnanger kommune, Statens Vegvesen og grunneigarar har lenge arbeidd for å få ein krigsminnepark ved Fossen Bratte, til minne om trefningane der under 2. verdenskrig. 

Opphaveleg vart idèen lansert i samband med forprosjektet til Turistveg Hardanger. I det endelege prosjektet vart ikkje Samnanger ein del av Turistveg Hardanger. Kommunen har likevel arbeidd vidare med å få etablert minneparken. I samband med dette har ein mellom anna prøvd å få tak i ein kanon tilsvarande den som vart brukt av dei norske styrkane i trefningane ved Fossen Bratte i 1940.
Det har ikkje lukkast å finna den kanonen som vart brukt i trefningane, men ein har via Per Storlid fått oppretta kontakt med Marinemuseet i Horten. Dei hadde ein liknande kanon, som no er plassert i minneparken ved Fossen Bratte. Biletet nedanfor viser minneparken. 

Minneparken vart teikna av ingeniørfirmaet Instanes v/landskapsarkitekt Olav Tveitnes, og vart opna 5. juni 2004. 

Kommunen er svært takksam for engasjementet Per Storlid har vist i denne saka, og for velvilje frå Forsvaret.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.06.2010
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering