Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Turområde/turstiar

Kultur- og aktivitetssti over Tyssereinane

Kulturstien har kome i stand gjennom eit samarbeid mellom Samnanger kommune, Ytre Tysse Vel, Samnanger historielag og fastbuande i området.

Føremålet med kulturstien er å få folk til å koma nærare bygdehistoria og naturen på Tysse. I samband med årtusenskiftet 1999/2000 vart Ytre Tysse valt som "tusenårsstad" i Samnanger kommune, og kulturstien er etablert som eit resultat av dette. 

I juni 2005 vart det opna ein kultur og aktivitetssti over Tyssereinane. Kulturstien startar og endar opp på Ytre Tysse, der det er sett opp skilt som viser kvar stien startar og ei informasjonstavle om stien.

Området er lett å bruka for alle grupper og eignar seg for trimmarar, funksjonshemma, skule og barnehagegrupper og for svermeri på lune kveldar.

Det er laga ein eigen brosjyre om kulturstien, med informasjon både om stien og historia til Ytre Tysse. Brosjyren kan ein få ved å venda seg til ekspedisjonen på kommunehuset. Brosjyren kan også lastast ned frå menyen til høgre på sida.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 19.07.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Turområde (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering