Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Om Samnanger > Turområde/turstiar

Turområde

Kart over turområde i Samnanger - Klikk for stort bilete

Her i Samnanger finn ein vekslande natur som gjev høve for alle til å driva friluftsliv, uansett alder og fysikk."Sprekingane" kan ta seg ut på krevjande fjellturar i bratt terreng, medan dei meir "avslappa" kan spasera ein snartur i nærmiljøet. Hugs at sjølv ein kort spasertur hjelper til å halda kroppen i form!


Oversikt over merka turstiar i Samnanger
Samnanger kommune har byrja arbeidet med å merka turstiar etter internasjonal standard utvikla av Innovativ Fjellturisme. Pr. 10.05.2012 er 15 turstiar i kommunen merka etter denne standarden. Gå inn på Les meir nedanfor for oversikt over desse turstiane. Der finn du også omtale av turane samt kart som du kan skriva ut og ta med på tur.

 

Folk til fjells
Sidan 1998 har Samnanger IL plassert ut bøker på ulike turmål kringom i bygda, og har etter kvart vore innom bortimot 40 ulike turmål i kommunen. Frå 2014 har nystifta Samnanger Turlag tatt over ordninga og vidarefører denne lange tradisjonen med Folk til fjells i kommunen. I desse dagar vert postkassane med bøker sett ut igjen, og me reknar med og få ut alle innan utgongen av mai.


Mykje brukte turområde i Samnanger
Nedanfor finn du oversikt over nokre av dei mest brukte turområda i Samnanger.


(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over turområde nedanfor).
 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.06.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering