Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Borgarleg vigsel - bryllaup

Borgarleg vigsel - bryllaup

Frå 1. januar 2018 overtek kommunane det borgarlege vigselsmyndet i Noreg frå tingrettane. Samnanger kommune vil gjennomføra vigslar på kommunehuset, Samnangerheimen eller biblioteket på Bjørkheim. Nedanfor finn du nærmare informasjon.  

Kven kan gifta seg borgarleg i Samnanger kommune? 
Det borgarlege vigselstilbodet i Samnanger gjeld for kommunen sine eigne innbyggjarar (det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i Samnanger) og personar som ikkje er busett i Noreg og som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.

Sjå Forskrift om kommunale vigslar for nærmare informasjon (ekstern lenke)


Kostnader
Borgarleg vigsel er gratis for kommunen sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg.



Tid og stad for vigsel
Vigslar vert gjennomførte på kommunehuset, på Samnangerheimen eller på biblioteket på Bjørkheim på vekedagar i opningstida til kommunehuset måndag - fredag kl. 08.30 - 15.00.

Dersom brudeparet ønskjer at vigselen skal haldast ein annan stad og/eller utanom opningstida til kommunehuset, må de melda frå til kommunen om dette. Kommunen vil då ta stilling til om ønsket skal oppfyllast. Eventuelle ekstrakostnader for kommunen i slike tilfelle må dekkast av brudeparet.


Vilkår for vigsel
Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vera oppfylte for at ein skal kunna gifta seg.

Ekteskapslova (Ekstern lenke)


Prøvingsattest må sendast inn før vigselen
For å inngå ekteskap i Noreg, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor gjer dette. (Ekstern lenke) På bakgrunn av prøvinga vil folkeregisteret utsteda ein prøvingsattest.

Attesten er gyldig i fire månader frå utsteding. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. (Ekstern lenke)

Original prøvingsattest og kopi av legitimasjon skal sendast til Samnanger kommune:

Samnanger kommune
Tyssevegen 217
5650 Tysse

Prøvingsattest kan òg leverast i ekspedisjonen på kommunehuset i lukka konvolutt merka med "Vigsel".


Bestilla tid for vigselen
Ta kontakt med kommunen i god tid før ønska dato for vigsel (helst minst ein månad på førehand).Ta kontakt enten på telefon 56587400, eller send e-post til postmottak@samnanger.kommune.no med følgjande opplysningar:

  • fullt namn, fødselsdato og adresse til brudeparet
  • ønska dato og tidspunkt for vigsel
  • om de ønskjer å halda seremonien på kommunehuset, Samnangerheimen eller biblioteket på Bjørkheim


Når kommunen har motteke prøvingsattesten, vil de motta ei stadfesting på tidspunkt for vigselen. Dersom kommunen har spørsmål, vil me ta kontakt med dykk. 


Kven utfører vigselen?
Følgjande personar har frå 1. januar 2018 vigselsmynde i Samnanger kommune:

  • Knut Harald Frøland, ordførar
  • Øyvind Røen, varaordførar
  • Charlotte Hageberg, rådmann

Kommunale vigslar i Samnanger skal normalt gjennomførast av ordføraren. Varaordføraren er vikar for ordføraren. Rådmannen skal berre gjennomføra vigslar dersom brudeparet ikkje ønskjer å bli vigsla av ein folkevald.  


Legitimasjon
Dersom vigslaren ikkje kjenner brudeparet, må brudeparet visa legitimasjon før seremonien startar.


Seremoni
Under seremonien vert formular for borgerleg vigsel lest opp. (Ekstern lenke). Til slutt underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselsprotokollen. Brudeparet får etter dette ein midlertidig vigselsattest. Endeleg vigselsattest vert ettersendt frå folkeregisteret.

Det vert opna for at seremonien kan tilpassast med musikk dersom brudeparet ønskjer dette. Kommunen vil ta stilling til slike ønske. Eventuelle kostnader knytt til musikalske ønske må dekkast av brudeparet. 


Ringar
Det er høve til å setja på ringar under seremonien, men bruderparet må melda frå om dette på førehand. Ringane vert sette på når vigslaren har erklært dykk for rette ektefolk. Vigslaren seier frå når ringane kan utvekslast. 


Vitne
To vitne må vera tilstades under seremonien, jf. ekteskapslova § 11 (Ekstern lenke). Dette kan vera forlovarane eller to andre myndige personar som brudeparet har med seg. I unntakstilfeller kan Samnanger kommune stilla med eit av vitna.


Gjestar
Brudeparet kan ta med gjestar til seremonien dersom de ønsker det. Me ber i så fall om at brudeparet på førehand melder frå til kommunen om kor mange gjestar de vil ta med, slik at det kan setjast ut nok stolar i seremonirommet.   


Spørsmål
Ved spørsmål om kommunale vigslar i Samnanger, ta kontakt på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no, eller ring sentralbordet på telefon 56587400.

 

Er det spørsmål om dokumentasjon og regelverk, ta kontakt med skatteetaten. (Ekstern lenke)

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 21.12.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering