Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Eigedomsskattesatsar i Samnanger kommune 2019

Kommunestyret vedtok 13.12.2018 satsar for eigedomsskatt i 2019. 

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen for 2019 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane vedtok kommunestyret at skattesatsen i 2019 skal vera 2,4 promille.

Lov om eigedomsskatt gir reglar om satsar for eigedomsskatt. 

§ 12 i lov om eigedomsskatt gir heimel for å fastsetja ulike skattesatsar (skattøyre) for ulike typar eigedomar. Kommunestyret har med heimel i denne paragrafen vedteke at skattesatsen for bustader og fritidseigedomar i 2019 skal vera lågare enn den generelle skattesatsen på 7 promille.

Satsane for eigedomsskatt i 2019 (7 promille og 2,4 promille) er dei same som i 2018.    



Heile kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskatt 2019 (sak 061/18, vedteke 13.12.2018): 

Vedtaket om eigedomsskatt er ein del av kommunestyret sitt vedtak om budsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022. Den delen av vedtaket som gjeld eigedomsskatt i 2019 er som følgjer: 

"
I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2019: Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen jfr § 3 bokstav a.

Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av eigedomsskattelova §12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,4 promille. 

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 100 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt skattegrunnlag som følgje av at produksjonsutstyr og –installasjonar ikkje skal takast med i takstgrunnlaget når dei tidlegare verk og bruk skal takseras og reknas som næringseigedom frå 2019. Det særskilte skattegrunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018. Grunnlaget skal i 2019 være redusert med ein sjuandedel (jf. overgangsregel til §§ 3 og 4 første punktum). Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylke eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. 

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 1 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Fritaket gjeld bygg der det vert starta bygging i 2018 eller seinare. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak. 

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter. 

Eigedomsskatten skal betalast i 4. terminar."

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 04.01.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Kommunale avgifter, skattar og gebyr (1)
Lovheimlar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering