Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Eigedomsskattesatsar i Samnanger kommune i 2015

Kommunestyret har vedteke at den generelle eigedomsskattesatsen for 2015 i Samnanger kommune er 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane har kommunestyret vedteke at skattesatsen i 2015 er 2,4 promille. 

Lov om eigedomsskatt gir reglar om satsar for eigedomsskatt. Etter § 11 i lova skal skattesatsen vera minst 2 promille og maksimalt 7 promille. 

§ 12 i lov om eigedomsskatt gir heimel for å fastsetja ulike skattesatsar (skattøyre) for ulike typar eigedomar. Kommunestyret har med heimel i denne paragrafen vedteke at skattesatsen for bustader og fritidseigedomar i 2015 skal vera lågare enn den generelle skattesatsen på 7 promille. 

Etter § 13 i lov om eigedomsskatt må skattesatsen ikkje vera større enn 2 promille det første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune. På grunn av at Samnanger kommune har hatt eigedomsskatt i mange år (på verk og bruk), hadde kommunestyret høve til å fastsetja høgare skattesats enn 2 promille i 2015.

Skattesatsen på verk og bruk i Samnanger kommune har også dei siste åra før 2015 vore 7 promille.

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.03.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Lovheimlar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering