Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Eigedomsskattesatsar i Samnanger kommune i 2017

Kommunestyret har vedteke at den generelle eigedomsskattesatsen for 2017 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane har kommunestyret vedteke at skattesatsen i 2017 skal 2,4 promille.  

Lov om eigedomsskatt gir reglar om satsar for eigedomsskatt. Etter § 11 i lova skal skattesatsen vera minst 2 promille og maksimalt 7 promille.

§ 12 i lov om eigedomsskatt gir heimel for å fastsetja ulike skattesatsar (skattøyre) for ulike typar eigedomar. Kommunestyret har med heimel i denne paragrafen vedteke at skattesatsen for bustader og fritidseigedomar i 2016 skal vera lågare enn den generelle skattesatsen på 7 promille.

Satsane for eigedomsskatt i 2017 (7 promille og 2,4 promille) er dei same som i 2016.  



Heile kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskatt 2017 (sak 100/16, vedteke 15.12.2016): 
Vedtaket om eigedomsskatt er ein del av kommunestyret sitt vedtak om økonomiplan for perioden 2017-2020. Den delen av vedtaket som gjeld eigedomsskatt i 2017 er som følgjer: 

"I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3  skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2017:

Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av eigedomsskattelova §12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,4 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 100.000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylke eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande, sjå vedlagt liste. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent, sjå vedlagt liste. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 1 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Fritaket gjeld bygg der det vert starta bygging i 2016 eller seinare. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.
Bustadar med formuesgrunnlag frå skatteetaten vil først bli skattelagt 2 år etter at bygget er ferdig.

Kommunestyret har i sak 14/14 vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Utskriving av eigedomsskatt for 2017 er i hovudsak basert på takstar frå taksering i 2012 for ”verk og bruk” og frå 2014/2015 for bustadhus, hytter, næringseigedomar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter." 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 30.12.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Kommunale avgifter, skattar og gebyr (1)
Diverse informasjon (1)
Lovheimlar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering