Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Informasjon om behandlinga av klagar på eigedomsskatt

Kommunen fekk inn ein del klagar på utskriven eigedomsskatt for 2015. Av kapasitetsmessige årsaker er alle klagane dessverre enno ikkje behandla.  

Klagar som gjeld formuesgrunnlag vert behandla av Skatteetaten, ikkje av kommunen. Kommunen får kopi av Skatteetaten sine vedtak i slike klagesaker. Dersom Skatteetaten endrar formuesgrunnlaget, korrigerer kommunen skattegrunnlaget og eigdomsskatten fortløpande, og sender ut brev med ny skattesetel.     


Fristen for å klaga til kommunen på utskriven eigedomsskatt for 2015 var måndag 11.05.2015.

Ein del av klagane som har kome inn, gjeld forhold som kan rettast/korrigerast av kommunen sitt eigedomsskattekontor, utan ordinær klagebehandling. Døme på slike forhold kan vera openbare feil som:  

  • at botnfrådrag ikkje er lagt inn for eigedomen
  • at ein eigedom er lagt inn med feil sonefaktor
  • feil på areal 
  • feil tal etasjar

Eigedomsskattekontoret har allereie retta/korrigert ein god del slike feil som er meldt inn. Melding om slike rettingar/korrigeringar vert sendt til eigar/eigarrepresentant fortløpande.  

Klagar som gjeld forhold som ikkje kan rettast/korrigerast av eigedomsskattekontoret, må leggjast fram for kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt, og eventuelt også for kommunen sitt klageutval for eigedomsskatt. Dei første klagesakene vert lagt fram for kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt i slutten av juni 2015, men dei fleste klagesakene vil ikkje verta lagt fram før til hausten.


Tilbakebetaling og renter
Dersom nokon har betalt for mykje eigedomsskatt, vil det overskytande beløpet som hovudregel verta avrekna/tilbakebetalt på ein seinare faktura på eigedomskatt. Den som har innbetalt for mykje eigedomsskatt, vil i tillegg til sjølve tilbakebetalinga også kunne ha krav på renter.  

Tilsvarande vil kommunen kunne krevja renter for forseinka betaling dersom faktura for eigedomsskatt ikkje vert betalt innan forfall. 

Kommunen vil berre krevja inn og betala tilbake rentebeløp som er høgare enn 10 kroner, jf. § 3 i forskrift om rentegodtgjersle når eigedomsskattt vert innbetalt for seint eller betalt attende.      



 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.01.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering