Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Klagereglar - eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten

 Nedanfor finn du informasjon om klagereglar for eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten. 

Klagar som gjeld Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlag), skal sendast til Skatteetaten. Klagar som gjeld andre forhold enn formuesgrunnlaget, skal sendast til Samnanger kommune. Nærmare informasjon om dette finn du nedanfor. 



1. KLAGE TIL SKATTEETATEN PÅ BUSTADVERDI (FORMUESGRUNNLAG)

For eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten er formuesgrunnlaget i likninga frå 2014 grunnlaget for eigedomsskatt i 2016. Likningsverdien i likninga vert berekna av formuesgrunnlaget. Eigar kunne klaga til Skatteetaten på likningsverdien/formuesgrunnlaget for 2014 då han/ho mottok likningsoppgjeret for 2014. Klagefristen var 6 veker frå skatteoppgjeret for 2014 vart sendt til skattytar. Det er ikkje ny klagerett på likningsverdien/formuesgrunnlaget i samband med at kommunen skriv ut eigedomsskatt for 2016. 

I praksis vil klagar til Skatteetaten på likningsverdien/formuesgrunnlaget først kunne få verknad for eigedomsskatten to år på ”etterskot”. Til dømes vil klage på likningsverdien/ formuesgrunnlaget ved likningsoppgjeret for 2015 først kunne få verknad for eigedomsskatten i 2017.

Generelle reglar om klage til Skatteetaten på formuesgrunnlag
Eventuell klage på formuesgrunnlaget må rettast til Skatteetaten gjennom klage på likning etter likningslova sine reglar. Dersom du meiner opplysningene om bustaden din er feil, må du kontrollera opplysningane som Skatteetaten har om bustaden: primærareal (P-areal), byggeår og bustadtype. Desse opplysningane finn du under ”Grunnlag for likningsverdi” på side 2 i sjølvmeldinga.

Dersom du meiner opplysningane om bustaden din er feil, må du senda ein grunngjeven klage til Skatteetaten. Dette gjeld også dersom du meiner formuesgrunnlaget er for høgt i forhold til det du meiner er den sannsynlege marknadsverdien for bustaden. Etter likningslova § 9-2 nr. 4, siste punktum er klagefristen 6 veker frå skattesetelen vert motteken frå kommunen. Denne klagefristen gjeld berre det første året eigedomsskatten vert skriven ut basert på formuesgrunnlaget. I Samnanger kommune var dette i 2015. Seinare år vil klagefristen vera 6 veker etter at skatteoppgjeret (likningsoppgjeret) er sendt til skattytar, jf. likningslova § 9-2 nr. 4, første punktum.

Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagereglar vedrørande Skatteetaten sitt formuesgrunnlag, finn du på Skatteetaten sine internettsider www.skatteetaten.no/bolig. Du kan også ringja Skatteetaten på telefon 800 80 000 for å få informasjon. 


 

2. KLAGE TIL KOMMUNEN
(Klagefrist i 2017 er 13.mars)

Klagar som ikkje gjeld Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlaget), skal sendast til Samnanger kommune. Forhold du kan klaga på, kan til dømes vera dersom det ikkje er gjeve botnfrådrag og du meiner dette er feil. Reglar om klage er fastsett i lov om eigedomsskatt § 19. Utdrag frå § 19: 

  • Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14.


Klage må vera skriftleg. Klagefristen i 2017 er 13. mars. Me ber deg om å merka klagen tydeleg med gards– og bruksnummer, eventuelt også med feste– eller seksjonsnummer. I tillegg må du hugsa å oppgje telefonnummer som du kan treffast på. Også eventuelle vedlegg må vera merka med gards– og bruksnummer. Grunngjevinga for klagen må dokumenterast så godt som mogeleg.

Det er ikkje klagerett på kommunestyret sine vedtak om eigedomsskatt (innføring av eigedomsskatt, promillesats for eigedomsskatt, sats for botnfrådrag m.m.).

Alle klagar som ikkje gjeld formuesgrunnlag  -  og som er sette fram innan klagefristen  -  vert behandla av kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Behandlinga av innkomne klager vil ikkje starta før klagefristen har gått ut. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, går den automatisk vidare til kommunen si klagenemnd for eigedomsskatt.

Klagar til kommunen skal sendast til: 


Klageskjema:
Samnanger kommune har utarbeidd eit skjema som kan brukast til klagar på eigedomsskatt. Skjemaet kan berre brukast ved klagar til Samnanger kommune, ikkje ved klagar til Skatteetaten. Skjemaet kan lastast ned nedanfor. 

 

 

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering