Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Klagereglar - eigedomar utan formuesgrunnlag frå Skatteetaten

Nedanfor finn du informasjon om klagereglar for eigedomar utan formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Slike eigedomar vert takserte av kommunen. Klagefrist i 2017 er 13. mars. 

Dersom  du meiner at eigdeomsskattetaksten er feil, har du høve til å klaga på denne. Reglar om klage er fastsett i lov om eigedomsskatt § 19. Utdrag frå § 19:

  • Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.


Klagen skal vera skriftleg
Klage må vera skriftleg. Klagefrist i 2017 er 13. mars. Me ber deg om å merka klagen tydeleg med gards– og bruksnummer, eventuelt også med feste– eller seksjonsnummer. I tillegg må du hugsa å oppgje telefonnummer som du kan treffast på. Også eventuelle vedlegg må vera merka med gards– og bruksnummer.

Grunngjevinga for klagen må dokumenterast så godt som mogeleg. Dersom du klagar på faktafeil, bør det som utgangspunkt leggjast ved godkjende og målsette teikningar, takstrapport frå eigedomsmeklar, godkjend takstmann eller liknande.

Dersom du klagar på skjønnet som er gjort ved takseringa (til dømes indre eller ytre vurderingsfaktor), ber me deg om å konkretisera kva du klagar over og grunngje dette så godt du kan.

Det er ikkje klagerett på kommunestyret sine vedtak om eigedomsskatt (innføring av eigedomsskatt, promillesats for eigedomsskatt, botnfrådrag m.m.).


Klageadresse
Klagar skal sendast til:


Klageskjema
Samnanger kommune har utarbeidd eit skjema som kan brukast til klagar på eigedomsskatt. Skjemaet kan berre brukast ved klagar til Samnanger kommune, ikkje ved klagar til Skatteetaten. Skjemaet kan lastast ned nedanfor. 


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.01.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Lovheimlar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering