Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Kor stor vert eigedomsskatten?

Det er mange faktorar som er med på å bestemma kor mykje ein skal betala i eigedomsskatt. Kommunen har også fleire moglegheiter til å påverka storleiken på eigedomsskatten.


Eigedomsskatt på bustadhus med fastsett formuesgrunnlag
Eigedomsskattelova § 8 C-1 regulerer verdisetjinga av bustader ved bruk av formuesgrunnlag, men det er kommunestyret som fastset kor stor eigedomsskatten skal vera i forhold til verdisetjinga på bustaden. Eigedomsskatten må vera minst 2 promille, og kan maksimalt vera 7 promille.

Kommunestyret vedtok 17.12.2014 at den generelle eigedomsskattesatsen for 2015 skal vera 7 promille, men at satsen skal vera 2,4 promille for bustader og fritidseigedomar. Kommunestyret vedtok vidare at det i 2015 skal vera eit botnfrådrag på 100.000 kroner (gjeld for bustaddel av eigedom og for fritidseigedom).

Meir informasjon om utrekning av eigedomsskatt på eigedomar med formuesgrunnlag finn du her.


Eigedomsskatt på fritidsbustader og bustadeigedomar utan formuesgrunnlag

Fritidsbustader og bustadeigedomar utan fastsett formuesgrunnlag, må takserast av kommunen. Når taksten er fastsett, vil denne danna grunnlag for eigedomsskatten. 

Kommunen har mange måtar til å påverka både taksten og kor stor eigedomsskatten skal verta, til dømes:  

  • Dela kommunen inn i ulike takstsoner.
  • Frådrag eller tillegg i taksten på grunn av til dømes alderen og tilstanden på bygninga.
  • Fastsetja botnfrådrag i eigedomsskatten. Er fastsett til 100.000 kroner i 2015.
  • Fastsetja kor mange promille eigedomsskatten skal vera på i forhold til verdisetjinga. Er fastsett til 2,4 promille i 2015.

Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som avgjer om kommunen skal delast inn i ulike takstsoner, om eventuelle reglar om frådrag/tillegg i taksten på grunn av alderen og tilstanden på bygninga m.m. Den sakkunnige nemnda vil gjera vedtak om dette i februar/mars 2015, før utskrivinga av eigedomsskatt for 2015.  

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering