Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Svar på merknader til faktaskjema om eigedom

Kommunen har fått inn mange merknader til faktaskjema som vart sendt ut i november. Det vil ta noko tid å svara alle som har sendt inn merknader. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.01.2015

Samnanger kommune sende 21.11.2014 ut eit faktaskjema til eigarar av eigedomar som kommunen synfarte i sommar. Synfaringane vart gjort i samband med at kommunen skal innføra eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i 2015. Faktaskjemaet viser opplysningar som kommunen har registert på eigedomen.  

Dei som fekk tilsendt faktaskjema, vart bedne om å melda frå til kommunen dersom det er feil i opplysningane i skjemaet. Fristen for å melda frå var 15.12.2014.  

Nokre av dei som har meldt frå til kommunen om feil i opplysningane på faktaskjemaet, har allereie fått skriftleg svar frå kommunen. På grunn av stor saksmengd, vil det ta noko tid å svara alle som har sendt inn merknader. Me tek sikte på at alle skal få skriftleg svar seinast rundt månadsskiftet januar/februar 2015. 



Lenker

 

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering