Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Synfaring av eigedomar

Før det vert skrive ut eigedomsskatt, må Samnanger kommune fastsetja takst på dei eigedomane som Skatteetaten ikkje har registrert formuesgrunnlag for. I samband med dette synfarte representantar frå kommunen i august 2014 fritidseigedomar og ein del bustadeigedomar. Synfaringa vil vera med på å danna grunnlaget for taksten på eigedomen.


Om synfaringa
Kommunen gjennomfører i utgangspunktet berre ei utvendig synfaring, der ein gjer følgjande:
 

  • Sjekkar at kommunen sine registrerte opplyningar om eigedomen er rette (gjeld til dømes talet på bygningar på eigedomen).
  • Tek bilete av eigedomen.
  • Tek utvendige mål på bygningar på eigedomen (ved behov)
  • Noterer eventuelle spesielle forhold på eigedomen.


Synfararar går med refleksvest merka med ”Samnanger kommune”. I tillegg  har dei identitetskort frå kommunen. 

Synfararane kan ikkje svara på spørsmål om kor stor taksten eller eigedomsskatten vert. Det er ikkje synfararane som avgjer desse spørsmåla, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Den sakkunnige nemnda består av tre innbyggjarar som er valde av kommunestyret.


Kva skjer etter synfaringa?
I november 2014 vil kommunen senda ut eit skjema til eigar. Skjemaet vert sendt ut fredag 21.11.2014. På skjemaet vil det gå fram kva opplysningar kommunen har registrert om eigedomen. Eigar vil få høve til å melda skriftleg frå til kommunen dersom han/ho meiner det er feil i kommunen sine opplysningar. Fristen for å melda frå til kommunen er måndag 15.12.2014.

Opplysningane som kommunen har om eigedomen etter synfaringa, vil danna grunnlag for taksten/verdien som vert fastsett for eigedomen. Det er ikkje synfararane, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som fastset taksten. Taksten vert fastsett på grunnlag av eigedomsskattelova og kommunen sine takseringsreglar. Eigedomsskattelova § 8 A-2 seier dette om fastsetjing av verdien: ”Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal”. Den sakkunnige nemnda har frist til februar/mars 2015 med å fastsetja taksten. Taksten som vert fastsett, vil normalt stå i 10 år.

Takst og utrekna eigedomsskatt for 2015 vil verta lagt ut til offentleg ettersyn i februar/mars 2015. Eigar vil samstundes få tilsendt informasjon om taksten og utskriven eigedomsskatt på eigedomen. Eigar vil då også få orientering om klagerett. Klagefristen vil vera 6 veker.


Adresse/kontaktinformasjon til Samnanger kommune

 

 

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Artikkel (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering