Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Eigedomsskatt

Taksering av eigedomar

Kommunestyret vedtok 07.05.2014 at det såkalla formuesgrunnlaget skal brukast som utgangspunkt for utskrivinga av eigedomsskatt på bustadhus i Samnanger.  Dette vil gjelda for alle bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten har registrert eit formuesgrunnlag for.

Bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten ikkje har registrert eit formuesgrunnlag for, må takserast av Samnanger kommune. Fritidseigedomar og næringseigedomar må også takserast av Samnanger kommune. For slike eigedomar vil kommunen sin takst brukast som utgangspunkt for utskrivinga av eigedomsskatt.



Reglar i eigedomsskattelova
Det er lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) som gir reglar om kva som skal brukast som utgangspunt for utskriving av eigedomsskatt. For bustadhus er det to alternativ:

 

  1. At kommunen takserer bustadene og brukar denne taksten som utgangspunkt for utskriving av eigedomsskatt.
  2. At det såkalla "formuesgrunnlaget" frå likninga vert brukt som utgangspunkt for utskriving av eigedomsskatt.


I Samnanger kommune vil alternativ 2 verta brukt for dei bustadene som Skatteetaten har registrert formuesgrunnlag for. Med formuesgrunnlag meiner ein "bustadverdi fastsett av Skatteetaten", det vil seia verdien/taksten som vert sett på eigedomen ved likninga året før skatteåret.

Eigedomar som ikkje skal takserast av Samnanger kommune

For alle bustadhus/bustadeigedomar som Skatteetaten har registrert eit formuesgrunnlag for, vil formuesgrunnlaget verta brukt som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten. Desse bustadene/bustadeigedomane vil derfor ikkje verta takserte av kommunen. Kommunen har heller ikkje noko påverknad på utrekninga av Skatteetaten sitt formuesgrunnlag. Eventuelle klager på formuesgrunnlaget skal rettast til Skatteetaten.

Eigedomar som skal takserast av Samnanger kommune
Fritidsbustader, næringseigedomar og bustader/bustadeigedomar som Skatteetaten ikkje har registrert formuesgrunnlag for, må takserast av kommunen. Taksten som kommunen kjem fram til, vil danna grunnlag for utskrivinga av eigedomsskatt. Taksten vert fastsett på grunnlag av eigedomsskattelova og kommunen sine takseringsreglar. Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som fastset kommunen sine takseringsreglar. Den er også den sakkunnige nemnda som gjer vedtak om taksten på eigedomar utan formuesgrunnlag.  

Kommunen kan gjennom sine takseringsreglar påverka storleiken på taksten på eigedomar utan formuesgrunnlag, mellom anna på følgjande måtar:

  • Dela kommunen inn i ulike takstsoner.
  • Fastsetja frådrag eller tillegg i takstgrunnlaget på grunn av til dømes alderen og tilstanden på bygningar/eigedomar.  

Det er pr. i dag ikkje fastsett takseringsreglar for Samnanger kommune, men den sakkunnige nemnda for eigedomsskatt er i gang med å utarbeida slike reglar.

Eigedomar som skal takserast av Samnanger kommune, vil verta synfarte av kommunen. Dei fleste eigedomane vart synfarte i august 2014. Sjå nærmare informasjon om synfaring av eigedomar her.





Dokument for nedlasting:

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering