Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Tidsplan

Nedanfor følgjer tentativ tidsplan for innføringa av eigedomsskatt på bustadhus/bustadeigedomar og fritidsbustader i Samnanger kommune.  


August 2014
Synfaring av fritidseigedomar. Synfaring av bustadeigedomar utan formuesgrunnlag.

November 2014
Eigarar av fritidseigedomar og bustadeigedomar som har vorte synfarte av kommunen, vil få tilsendt eit skjema som viser kva opplysningar kommunen har registrert om eigedomen. Skjemaet vart sendt ut 21.11.2014. Eigar fekk høve til å melda skriftleg frå til kommunen dersom han/ho meiner det er feil i kommunen sine opplysningar. Fristen for å melda frå til kommunen om feil var måndag 15.12.2014.


Desember 2014
Kommunestyret fastsette 17.12.2014 satsen for eigedomsskatt for 2015, samt reglar for botnfrådrag og fritak for eigedomsskatt.


Januar og februar 2015
Synfaring av næringseigedomar. 


Februar/mars 2015
Endeleg fastsetjing av takseringsreglar for Samnanger kommune. Det er kommunen si sakkunnige nemnd som fastset takseringsreglane.


Februar/mars 2015
Eigedomsskattetakst og utrekna eigedomsskatt for 2015 vil verta lagt ut til offentleg ettersyn. Eigar vil samstundes få tilsendt informasjon om taksten og utskriven eigedomsskatt på eigedomen. Eigar vil då også få orientering om klagerett. Klagefristen vil vera 6 veker.

 

 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering