Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Utfyllande informasjon om kommunestyret sitt vedtak 17.12.2014

Kommunestyret gjorde 17.12.2014 vedtak vedrørande eigedomsskatt for 2015. Det vart gjort vedtak om skattesatsar, botnfrådrag og om kva eigedomstypar som skal få fritak frå eigdomsskatt. Heile vedtaket kan du lesa her.

Den generelle eigdomsskattesatsen i Samnanger for 2015 er 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane er skattesatsen for 2015 på 2,4 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det i 2015 gitt eit botnfrådrag på 100.000 kroner av takstverdien. Botnfrådraget gjeld også for eigedomar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten.   

Først våren 2015 verta klart kor stor eigedomsskatten for 2015 vert på mange bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i kommunen. Dette gjeld alle eigedomar som ikkje har såkalla formuesgrunnlag frå Skatteetaten, og som derfor må takserast av kommunen. På desse eigedomane må det fastsetjast ein verdi før eigedomsskatten for 2015 vert rekna ut. Det er kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt som fastset verdien på dei eigedomane som vert takserte av kommunen, og som på bakgrunn av dette gjer vedtak om eigedomsskattetaksten for 2015. 


Utrekning av eigedomsskatt på bustadeigedomar med formuesgrunnlag
For dei bustadeigedomane som Skatteetaten har fastsett formuesgrunnlag for, vil eigedomsskatten verta rekna ut på grunnlag av formuesgrunnlaget. I sjølvmeldinga for 2013 er likningsverdien på bustadeigedomen oppgitt.

For å finna formuesgrunnlaget på primærbustader, må likningsverdien multipliserast med 4. For sekundærbustader må likningsverdien multipliserast med 2. Eigedomsskattetaksten for 2015 er 80% av formuesgrunnlaget, jfr. § 8 C-1 i Eigedomsskattelova. Kommunestyret har for 2015 fastsett eit botnfrådrag for bustader og fritidsbustader på 100.000 kroner. Summen av dette viser kor stor eigedomsskatten vert i 2015.


Eksempel på utrekning av eigedomsskatt primærbustad
Likningsverdi 2013 (frå sjølmeldinga for 2013) 710 000
Formuesgrunnlag (4 x likningsverdi) 2 840 000
Eigedomsskattetakst (80% av formuesgrunnlag) 2 272 000
Botnfrådrag fastsett av kommunestyret   -100 000
Skattegrunnlag 2 172 000
Eigedomsskatt 2,4 promille av skattegrunnlaget 5 213
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.03.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering