Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Eigedomsskatt

Utsending av faktaskjema etter synfaring

Samnanger kommune skal innføra eigedomsskatt i 2015. Det vert no sendt ut eit faktaskjema til eigarar av eigedomar som vart synfarte i sommar.  

Synfaringane i sommar vart gjort i samband med at det i 2015 skal innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger. Det var fritidseigedomar og bustadeigedomar utan såkalla formuesgrunnlag frå Skatteetaten som vart synfart i sommar. Eigedomar som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten, vil ikkje verta synfarte av kommunen.   

Faktaskjemaet som no vert sendt ut, vert sendt per post til eigar/eigarrepresentant. Utsendingsdato er 21.11.2014.

Faktaskjemaet inneheld opplysningar som
 kommunen har registrert på eigedomen. Døme på slike opplysningar er kor mange bygningar det er på eigedomen, bygningstype/bygningstypar og areal. Kommunen ber om at eigar/eigarrepresentant melder frå skriftleg til kommunen dersom det er feil i opplysningane på faktaskjemaet. Frist for å melda frå om feil er måndag 15.12.2014. 

Opplysningane som kommunen har registrert på eigedomen, vil danna grunnlaget for utskrivinga av eigedomsskatt (eigedomsskattetaksten) på eigedomen. Det er derfor viktig at opplysningane er så korrekte som mogleg. Eigedomsskattetaksten for 2015 vil verta sendt ut i februar/mars 2015. Eigar vil då ha høve til å klaga på eigedomsskattetaksten. Klagefristen vil vera 6 veker.


Informasjonsbrosjyre om faktaskjemaet

Saman med faktaskjemaet vert det sendt ut ein informasjonbrosjyre, med nærmare forklaring på innhaldet i skjemaet, framgangsmåte for å melda frå til kommunen om feil m.m.

Informasjonsbrosjyren finn du her.


Ferdigattest
Dersom det står på faktaskjemaet at eit bygg manglar ferdigattest, bør det normalt gjerast noko med dette (dersom bygget er ferdigstilt). Ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon.



Lenker

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.12.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering