Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Eigedomsskatt

Vedtak i kommunestyret 18.12.2013

Kommunestyret vedtok 18.12.2013 i sak 064/13 (Økonomiplan 2014-2017) følgjande: 

Samnanger kommune står framfor store økonomiske utfordringar i dei kommande åra. For å greia å halda drifta på same nivå som no, og samstundes greia å byggja ny sjukeheim og senter for funksjonshemma, er det naudsynt å ta i bruk inntektsgrunnlaget som fins.

Rådmannen førebur ei sak om å utvida grunnlaget for eigedomsskatt til alle eigedomar i kommunen.

Saka må m.a. opplysa om inntektspotensialet ved ulike skattesatsar, botnfridag for nye bustader og ev andre fritaksgrunnar.

I forlenginga av vedtak om økonomiplan 2014-2017 vert det sendt ut ei pressemelding frå Samnanger kommune vedrørande vedtaket. Pressemeldinga vert sendt ut innan neste utgåve av lokalavisa og skal omtala bakgrunn for val av innføring av eigedomsskatt.



Det vart i rådmannen si saksutgreiing stipulert at kommunen kan forventa å få inn om lag 3,5 millionar kroner i årleg eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader. Dette talet er basert på tal og erfaringar frå nabokommunane. Grunnlaget for dei forventa inntektene er eigedomsskatt frå om lag 900 bustader, om lag 700 fritidsbustader og nokre næringseigedomar.  



Dokument for nedlasting:

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering