Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Eigedomsskatt

Vedtak i kommunestyret om eigedomsskatt 2015

Kommunestyret gjorde 17.12.2014 vedtak om eigedomsskatt for 2015. Det vart gjort vedtak om skattesatsar, botnfrådrag, fritak m.m.

Kommunestyret sitt vedtak er som følgjer:


SAKNR. 068/14 (17.12.2014)
UTSKRIVING AV EIGEDOMSSKATT FOR 2015

Kommunestyret har tidlegare vedteke at det skal skrivast ut eigedomsskatt for heile kommunen for eigedomsskatteåret 2015. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3  skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2015:
Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av eigedomsskattelova §12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,4 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 100 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylke eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande, sjå vedlagt liste. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

Thomas Nordvik stifting og Anton´s kulturhistoriske senter får fritak etter eigedomsskattelova § 7 a.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent, sjå vedlagt liste. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 1 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Fritaket gjeld bygg der det vert starta bygging i 2015 eller seinare. Fritaket gjeld og for dei som bygde hus i 2014. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.
Bustadar med formuesgrunnlag frå skatteetaten vil først bli skattelagt 2 år etter at bygget er ferdig.

Kommunestyret har i sak 14/14 vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert taksert. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Utskriving av eigedomsskatt for 2015 er basert på takstar frå taksering i 2012 for ”verk og bruk” og frå 2014/2015 for bustadhus, hytter, næringseigedomar mm.
Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter, sak 16/14 i Kommunestyret.


Eigedomsskatten skal betalast i 4. terminar.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 26.03.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering