Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Fakturering/fakturaderesse

Ny fakturaadresse til Samnanger kommune

Frå 06.06.2011 innfører Samnanger kommune felles fakturaadresse og krav om at alle fakturaer skal vera merka med rekvirentnummer.

Felles fakturaadresse
Samnanger kommune skiftar økonomisystem 06.06.2011. Alle fakturaer som kjem til kommunen skal i det nye systemet skannast av økonomikontoret og deretter sendast til elektronisk godkjenning. Som følgje av dette skal alle fakturaer til Samnanger kommune no sendast til følgjande adresse:


Ingen fakturaer skal lenger sendast direkte til dei kommunale einingane (skular, barnehagar, pleie/omsorg, sosial/helse, teknisk, kultur).


Krav om rekvirentnummer på fakturaer
Frå 06.06.2011 skal alle fakturaer som vert sende til Samnanger kommune vera merka med eit 6-sifra rekvirentnummer. Alle som bestiller ei vare eller teneste på vegner av kommunen, skal ved bestillinga opplysa kva rekvirentnummer som skal stå på fakturaen.

For ein del faste bestillingar/leveransar (til dømes straumrekningar, telefonrekningar, serviceavtalar, faste abonnement) vil kommunen senda ut brev med informasjon om kva rekvirentnummer som skal stå på fakturaer.

Det vil også verta faste rekvirentnummer på kommunen sine kundekort/kundenummer på butikkar i Samnanger. Kommunen vil senda ut brev med nærare informasjon om dette.

Ta kontakt med økonomikontoret dersom du har behov for nærare informasjon i samband med skiftet av økonomisystem.


Brev med utfyllande informasjon
Nedanfor kan du lasta ned kopi av brev som vert sendt til firma som leverer varer og tenester til Samnanger kommune. Brevet inneheld utfyllande informasjon om faktureringsrutinar, rekvirentnummer m.m.



Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 31
E-post :
nina.erdal@samnanger.kommune.no
Tittel :
Økonomisjef
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering