Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Fakturering/fakturaderesse

Samnanger kommune tek imot EHF-faktura (elektronisk handelsformat)

Samnanger kommune kan frå sommaren 2012 ta imot fakturaer i EHF-format (elektronisk handelsformat). Kommunen sine leverandørar vert oppmoda om å senda faktura i EHF-format, ikkje i papirformat eller på e-post. Dette vil redusera kommunen si arbeidsmengd i samband med fakturamottak/fakturabehandling.  

I nye innkjøpsavtalar som kommunen inngår frå og med hausten 2012, vil det verta stilt krav til leverandørane om at fakturaer skal sendast i EHF-format.

Kommunen si løysing for mottak av EHF-fakturaer har kome på plass gjennom eit samarbeid med diverse kommunar i Sunnhordland, Hardanger og Haugalandet.  

Det vart i august 2012 sendt ut eit informasjonsbrev til alle leverandørane til kommunen. Der vert det gitt nærmare informasjon om elektronisk fakturering og om kva leverandørane må gjera for å kunne senda fakturaer i EHF-format. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 31
E-post :
nina.erdal@samnanger.kommune.no
Tittel :
Økonomisjef
Bunnhjørne
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering