Busetjing av flyktningar

Kravet for å verta busett i ein kommune, er at ein har fått godkjent opphald - politisk asyl eller opphald på humanitært grunnlag - eller at ein vert familiesameint med ein med slikt opphald. 

Når flyktningane vert busette i Samnanger, får dei nødvendig hjelp med etableringa, og ein ventestønad som dekkjer livsopphald, husleige og straum pluss nødvendige utgifter til helse.


Kvalifiseringsprogram
Innan tre månadar har dei plikt og rett til å starta på eit kvalifiseringsprogram gjennom introduksjonsordninga.

  • Målet med dette er å læra norsk språk og samfunnsfag, i tillegg til andre tiltak som skal gjera dei kvalifiserte for ordinært arbeid eller utdanning. Døme på dette kan vera grunnskuleopplæring, språk- eller arbeidspraksis m.m.
  • Programmet går over 2 år, og følgjer vanlege reglar frå arbeidslivet med omsyn til ferie, sjukefråvær, rett til permisjon ved fødsel osb.
  • Så lenge flyktningane deltek i programmet, får dei utbetalt ei månadleg introduksjonsløn som tilsvarar 2 x grunnbeløpet i folketrygda, med trekk for skatt og evt. ugyldig fråvær. Dei skal då dekka alle sine utgifter sjølv.
  • Flyktningane har dei same rettane som befolkninga elles med omsyn til sosiale tenester, bustønad, skulegang, oppfølging frå NAV m.m.


Målet er at flyktningane ved hjelp av introduksjonsprogrammet snarast mogleg skal verta i stand til å klara seg sjølve, så vel økonomisk som med omsyn til integrering i det norske samfunnet.

Samnanger kommune har vedteke å ta imot inntil 20 flyktningar frå Syria.

Pr juni 2017 har me teke imot 17 personar og nokon av desse ventar på å verta sameint med familie.

Flyktningane får tilbod om skule i Fusa (nokre på Nygård skule i Bergen). Språk- og arbeidspraksis har dei i Samnanger (hjå private, Samnangerheimen, heimetenesta, barnehage, ungdomsskule mm).

Samnanger kommune har tilsett flyktningkonsulent i 100% stilling fram til mai 2018.
 

 

Informasjonshefte for flyktningar (PDF-brosjyre): 

 



Informasjonshefte for flyktningar (nettbrosjyre):

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 21.06.2017