Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Informasjon til brukarar av Samnanger helsestasjon

(Publisert 20.04.2020). Tilbodet i helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom skal no gjenopprettast til normal aktivitet.  

Dette vil gjerast i tråd tråd med anbefalinger i Nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetjeneste.

Me vil frå 27. april starte opp att som normalt, samt kalla inn dei av dykk som har fått avbestilt time hjå oss. Me vil med dette informasjonsskrivet informere dykk om smitteregimet generelt ved Helsestasjon frå Helsedirektoratet, samt smitteregime med Samnanger helsetun. 
 
  • Barnet eller andre husstandsmedlemmer skal ikkje ha symptom på luftveisinfeksjon
  • Barn, foreldre eller ungdom som er i karantene, har symptom på sjukdom eller er sjuke skal ikkje kome på helsestasjon eller til skulehelsetenesta. 
  • Til konsultasjon, vaksinering, veging og måling kallar me inn få brukarar av tenesta, så det ikkje vert fleire samstundes på venterommet. Skulle det verta fleire enn to på venterommet, hald 2 meters avstand. 
  • Me oppfordrar til å kome til oppsatt tid, ikkje før tida. Gje informasjon pr sms eller telefon om de vert forseinka. 
  • Barnet følges med helst kun ein forelder/ vaksen. Ved  særlege behov kan to følgje barnet.
  • Vekt og måleutstyr skal  kun administrerast av personell på helsestasjonen.
  • Kontaktflater, stellematter, vekt og måleutstyr vert reingjørd mellom kvar brukar av personell på helsestasjonen
  • Leiker og anna utstyr vert fjerna. 
  • Ta gjerne med eigne leiker 
  • Søsken bør ikkje takast med på konsultasjonar. Heilt  unntaksvis  er dersom foreldre ikkje kan koma utan å ta med søsken, dei må sjølvsagt vere symptomfrie.


Inntil vidare av smittevernhensyn:
  • Heimebesøk av helsesjukepleiar vert erstatta med konsultasjon på helsestasjonen.
  • Grupper vert ikkje starta opp


Smitteregime Samnanger helsetun:
  • Ta av ringar, klokker og liknande og legg det att heime eller i bilen. 
  • Sprit dykk i det de kjem inn på Helsetunet, spritdispenser rett innom døra.
  • Sprit dykk òg før de ut går igjen.
  • Ytterdører på Helsetunet er no elektriske (automatiske). 
 

 

Sist endra 22.11.2020 13.54
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 91 05
Mobil :
48 89 32 12
E-post :
katb@samnanger-helsetun.no
Tittel :
Einingsleiar og leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering