Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Informasjon til hytteeigarar i Samnanger

Kommunen får ein del spørsmål om forbodet mot å overnatta i fritidsbustad utanfor kommunen ein bur i. Her finn du informasjon og svar på nokre spørsmål. 


Informasjon om forbodet
Som følgje av koronavirusutbrotet i Noreg, innførte regjeringa 19.03.2020 forbod mot å overnatta på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Forbodet tredde i kraft 19.03.2020 og gjaldt til og med 19.04.2020. Forbodet er som følgjer:

  • Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert.


Unntak frå forbodet
Det er følgjande unntak frå forbodet:

  • Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates. 
  • Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.
 
 

Kan ein søkja om dispensasjon frå forbodet?
Kommunane har ikkje høve til å gje dispensasjonar frå forbodet. Unnataka frå forbodet går klart fram i forskrifta. 


Kor lenge gjeld forbodet? 
Forbodet gjaldt til og med 19.04.2020.


Blir eigedomsskatten redusert? 
Avgrensa bruksmoglegheit i ei periode gjev ikkje grunnlag for reduksjon i eigedomsskatten. Eigedomsskatten er ein objektskatt. Det er objektet (altså fritidseigedomen) sin verdi som avgjer skattegrunnlaget, ikkje eigaren sin subjektive moglegheit til bruk. Det er berre permanente innskrenkingar, som varig reduserer eigedomen sin omsetnadsverdi, som kan føre til krav om lågare eigedomsskatt. Då skjer det i form av omtaksering.


Blir vass- og avløpsavgifta redusert?
Ein del fritidseigedommar i Samnanger er tilknytta det kommunale vass- og avløpsnettet, og betalar derfor vass- og avløpsavgift til kommunen. 

Vass- og avløpstenester blir levert til sjølvkost, og i det ligg det at brukarane betaler det det kostar å levera tenesta. Kommunen sine utgifter til å levera vass- og avlaupstenester blir i liten grad redusert, sjølv om folk ikkje nyttar hyttene i ei periode. Ein må difor leggja til grunn at dei vedtekne gebyra gjeld, sjølv om ei utanforliggjande hending hindrar bruken av fritidsbustaden. Dersom det skulle visa seg at kostnadane med å oppretthalda tenesta vert redusert, som følgje av ein lengre periode med opphaldsforbod i desse områda, vil sjølvkostregelverket ivareta dette i form av lågare gebyr til neste år.


Blir renovasjonsavgifta redusert?
Det er BIR som krev inn renovasjonsgebyr for kundar i Samnanger kommune. Avfallsgebyret vil ikkje bli redusert som følgje av forbodet mot overnatting på fritidsbustad utanfor eigen kommune. 


Har du behov for betalingsutsetting? 
Dersom nokon har problem med å betala faktura for kommunale avgifter og ønskjer å søkja om betalingsutsetting, kan de ta kontakt med Samnanger kommune v/økonomikontoret (e-post kommunekassen@samnanger.kommune.no). Ved behov for betalingsutsetting for renovasjonsavgift, må ein ta kontakt med BIR (sjå kontaktinformasjon på www.bir.no). 
 
 
 
Sist endra 22.04.2020 13.33
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering