Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Me treng helsepersonell - registrer deg her

Kommunen treng akkurat no meir helsepersonell: både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre.  

Helsepersonell i heile landet gjer ein svært god jobb for å hindra spreiing av koronaviruset, og situasjonen er ei svært stor belastning på helse- og omsorgstenesta.

For å vera sikre på at me er godt nok bemanna i tida framover, søkjer Samnanger kommune kontakt med personar som har helsefagleg kompetanse og som kan vera tilgjengelege for å arbeida i kommunen.

Me vil gjerne at du registrerer kompetansen din i skjemaet som du finn i lenka nedanfor, lagrar det utfylte skjemaet og så sender det til kommunen på e-post (til postmottak@samnanger.kommune.no).


Registreringsskjema



Kva skjer når du har sendt inn skjemaet?
Når du har sendt inn skjemaet vil du få ei tilbakemelding på e-post som stadfestar at søknaden er motteken. Stadfestinga vil bli sendt seinast neste arbeidsdag. Aktuelle kandidatar med helsefagleg bakgrunn vil så bli kontakta etter kvart som behova oppstår.


Kvalifikasjonskrav
For helsepersonell blir det kravd at du har offentleg godkjenning og politiattest (sjå nedanfor).


Kvar kan eg bli tilsett?
Du kan bli tilsett der det er behov i Samnanger kommune. Det kan vera på sjukeheimen, i heimetenesta eller i bufellesskapet.


Arbeidstid
Arbeidstidene blir avklart mellom den som vert tilsett og leiar. Du kan inngå i turnus eller få enkeltvakter. Det er stort behov for helsearbeidarar som kan jobba turnus. Dersom du har andre ønske, ber vi deg ta det opp med leiar på arbeidsstaden.


Lønn
Arbeidet er lønna etter gjeldande regelverk/tariffavtale. Dersom du jobbar kveld og helg vil du få utbetalt tillegg for dette i samsvar med tariff. Det same gjeld eventuelt overtidsarbeid. 


Kontrakt/avtale
Ved oppstart vil du få ein rammeavtale (kontrakt), der lønns- og arbeidsvilkår framgår.


Opplæring
Opplæring vil bli gitt på arbeidsstaden. 



Slik søkjer du om politiattest
Som helsearbeidar må du ha politiattest. Politiattesten skal ikkje vera meir enn tre månader gammal. Du søkjer om politiattest på politiet.no. For å få politiattest treng du ei stadfesting frå Samnanger kommune på at du er aktuell for arbeid i helsesektoren. Denne vil du få frå oss (på e-post) dersom me vurderer deg som ein aktuell kandidat for arbeid hos oss.

Etter at du har fått stadfestinga fyller du ut vedlegget, lagrar det på PC’en din og legg det ved søknaden. Du får svar frå politiet i den digitale postkassa di. Dersom du ikkje har digital postkasse, opprettar du det hos Digipost eller E-boks.

Me tilrår at du søkjer om politiattest snarast mogleg dersom du mottek stadfesting frå Samnanger kommune på at du er aktuell for arbeid hos oss. Politiattesten må du visa fram første arbeidsdag. NB! Politiattesten skal ikkje sendast på e-post til kommunen.  

Sist endra 26.03.2020 19.55
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering