Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Omsorgstilbod for barn i barnehage og skule/sfo

Søknadsskjema for foreldre som jobbar i kritiske samfunnsfunksjonar, eller har barn som har særlege omsorgsbehov.  

Alle skular og barnehagar i Noreg er stengde frå og med 13.03.2020 til og med 13.04.2020.


Styresmaktene har bestemt at barnehagar og barneskular likevel må sørga for eit tilbod til barn av foreldre som jobbar i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det må også vera eit tilbod for barn/elevar med særlege omsorgsbehov. 

Føremålet med tilbodet er å kunne oppretthalda drifta i helse- og omsorgstenestene og andre kritiske samfunnsfunksjonar, og unngå at personar i risikogruppene vert brukte som barnevakt.

Retten gjeld for foreldre der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgar har eit slikt arbeid. I Samnanger gjeld tilbodet frå og med 16.03.2020. Første søknadsrunde vart avslutta 15.03.2020. Dersom nokon som ikkje søkte i første søknadsrunde får behov for omsorgstilbod etter 16.03.2020, må de senda inn søknad om slikt tilbod. Lenke til søknadsskjema finn du nedanfor.     

For barnehagebarn skal omsorgstilbodet gjevast i barnet sin faste barnehage. 

Meir informasjon: 



Søknadsskjema
Samnanger kommune har utarbeidd søknadsskjema for dei som ønskjer å nytta seg av ordninga. Foreldre må fylla ut og senda søknadsskjemaet til kommunen på e-post til rektor ved barneskulen eller styraren i barnehagen. E-postadresser framgår av søknadsskjema. Det er separate søknadsskjema for barnehage og skule. 


 

 

Sist endra 02.04.2020 09.17
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering