Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Opning av 1. - 4. trinn frå måndag 27.04.2020

1. - 4. trinn på Samnanger barneskule opnar igjen måndag 27.04.2020.  

No ser mange elevar fram til å møte vener og ta kvardagen tilbake igjen, sjølv om det blir i ei litt avgrensa form. Dei tilsette er klare til å møta borna. Styresmaktene sin rettleiar om smittevern i skule vil vera førande for organisering og hygiene. Ordninga med omsorgstilbod for dei med samfunnskritiske jobbar vert vidareført. Desse må melda inn behov til skulen ved endring. 

SFO vil gå som normalt, men det blir teke omsyn til rettleiaren om smittevern.

Det vert oppmoda om å unngå kollektivtransport til/frå skulen om mogleg, men skulebussane kjem til å gå som normalt for barneskulen.

Er det eldre elevar som treng skuleplass av ulike grunnar, ta kontakt med rektor. 

For meir informasjon, sjå heimesida til Samnanger barneskule: 

Sist endra 24.04.2020 15.30
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering