Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Siste nytt frå smittevernlegen

Her vert det lagt ut nyheiter frå kommunen sin smittevernlege om koronaviruspandemien. 
 


Smittevernråd ved reiser i Noreg

(Publisert 23.11.2020)
I nokre område i Noreg, slik som i Oslo og Bergen, er det no mykje pågåande smitte. Samtidig er det mange kommunar som knapt har hatt noko smitte.   

Reiser frå eit område med mykje smitte til eit område med lite smitte utgjer ein risiko for spreiing - uavhengig av om ein kryssar ei landegrense.   

I slike tilfelle må du hugse på at du dei første 10 dagane etter reisa har høgare risiko enn dei rundt deg for å vere smitta, sjølv om du føler deg heilt frisk.

Me er særleg redd for smitte til dei eldste og til dei som er i risikogruppene.

Folkehelseinstituttet anbefaler følgjande forholdsreglar i 10 dagar etter reiser i Noreg frå eit område med mykje smitte til eit område med lite smitte: 

  • Redusere antall kontaktar. 
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogruppa.  
  • Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene.  
  • Ver særleg merksam på symptom.
  • Ha låg terskel for å testa deg om du får symptom eller trur du kan ha vore utsett for smitte. 
 


Smittetilfelle av covid-19 i Samnanger kommune
(Publisert 02.11.2020
Ein person i Samnanger har testa positivt for covid-19. Prøveresultatet vart klart 31.10.2020.

Kommuneoverlege Harald Ramm Salbu opplyser at personen er godt ivareteken, og at det er ingen stor risiko for spreiing av smitte i Samnanger.

Det er på bakgrunn av dette ikkje grunn til å endra på dei gjeldande smitteverntiltaka i kommunen, jf. tiltaka som sist veke vart innført i nabokommunane til Bergen.  

 


Influensavaksine

(Publisert 21.10.2020)
Samnanger kommune vil no starte vaksinering mot influensa. Fram til og med 30. november vil berre følgjande grupper verta prioritert:  

  • Personar i risikogruppa
  • Helsepersonell med pasientkontakt


Les heile saka her

 

Koronatelefonen endrar telefonnummer

(Publisert 15.10.2020)
Samnanger kommune sin koronatelefon har fått nytt telefonnummer. Det nye nummeret er 96626968. Dette er eit eige telefonnummer til legekontoret i Samnanger for pasientar som mistenker koronasmitte. Telefonen er open kvardagar kl. 09.00 - 14.00. 


Meir informasjon om koronatelefonen
 

 

Slik blir årets influensavaksinering

(publisert 02.10.2020)

Fram til 01.12.2020 er årets influensavaksinar forbeholdt helsepersonell med pasientkontakt og personar som er i risikogruppene. 

Koronapandemien endrar ikkje anbefalingene for influensavaksinasjon. Det er dei same risikogruppene som tidlegare som vert anbefalt å ta influensavaksine. Særleg viktig er det at personar som er i risiko for alvorleg sjukdom vaksinerer seg. Det er viktig å vera klar over at influensavaksinen ikkje beskyttar mot koronasmitte.

Les heile saka her


 

Oversikt testing og fråvær  -  Barn, barnehage, skule, vaksne
(publisert 22.09.2020)


For ajourført oversikt til ei kvar tid, sjå:
https://helsenorge.no/koronavirus/barnehager-og-skoler


Pr. 19.09.2020 og fram til nye nasjonale retningslinjer kjem, gjeld følgjande: 



BARN:

Barn i barneskule- og barnehagealder som kan gå i barnehage og skule: 

  • Friske barn, eller
  • Barn som berre har rennande nase (uansett farge på snørret) og elles er i god allmenntilstand


Barn som skal haldast heime:

  • Alle barn med nyoppståtte luftvegssymptom


Barn som skal testast: 

  • Ved berre lette luftvegsssymptom (fråvær av feber og/eller hoste), kan ein sjå an tilstanden heime i 2 dagar. Dersom tiltanden ikkje betrar seg, må barnet testast. Dersom tilstanden betrar seg, kan barnet gå tilbake til barnehage/skule utan test. 
  • Ved feber og/eller hoste bør barnet testast for covid-19. 


Når kan barnet returnera til barnehage og skule?

  • Når allmenntilstanden er god, ikkje feber og kun lette restsymptom
  • Dersom barnet er testa for covid-19, må det også ha kome svar på testen med negativt testresultat (altså at testen viser at barnet ikkje er smitta med covid-19) før barnet returnerer til barnehage/skule

 


VAKSNE (inkl. ungdomsskuleelevar): 

Skal testast ved: 

  • Luftvegssymptom, sjølv milde. Skal halda seg heime til det har kome svar på testen. 

 

Kan gå tilbake til jobb/skule ved: 

  • Negativ test, god allmenntilstand og ved kun lette restsymptom


 

Me minnar om smitteverntiltak på helsetunet

(publisert 09.09.2020)

  • Alle pasientar som skal til fysioterapeut, jordmor, psykolog, helsestasjon og lege må ringja på førehand. Det er ikkje tillete å koma uanmeldt. 
  • Klokker, ringar og andre handsmykke må takast av før du kjem til helsetunet. 
  • Hugs å sprita hendene når du kjem og når du går. 



Oppdaterte reglar for kor lenge ein skal vera heime ved luftvegsinfeksjon

(publisert 09.09.2020)

  • Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand (det vil seie at du føler deg frisk og er febefri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld både barn og vaksne. 
Sist endra 23.11.2020 10.11
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering