Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Stenging av fysioterapitenesta

(Oppdatert 13.04.2020) Samnanger fysikalske institutt held stengt frå og med 16.03.2020 til og med 19.04.2020. Det same gjeld kommunefysioterapauten sitt tilbod til pasientane. 

Årsaka til stenginga er vedtak gjort av Helsedirektoratet 15.03.2020, om stenging av diverse virksomheiter for å stoppa spreiing av koronviruset (covid-19). Vedtaket gjeld mellom anna fysioterapeutar. Vedtaket om stenging vart 07.04.2020 forlenga til å gjelda til og med 19.04.2020. 


Fysioterapeuten er tilgjengeleg på telefon og videokonsultasjon i perioden med stenging
Det går fram av Helsedirektoratet sitt vedtak at kommunane må sikra at pasientar får dekka behovet sitt for heilt nødvendig helsehjelp også i den perioden stenginga gjeld for. Dette kan for eksempel omfatta pasientar med behov for heilt nødvendig rehabilitering og behandling etter akutt sjukdom, eller nødvendig behandling for å oppretthalda viktig funksjon som elles kan gå tapt.

 
Fysioterapeuten vil derfor vera tilgjengeleg på telefon for råd, veiledning og instruksjon i heile perioden 16.03. - 19.04.2020. Samnanger fysikalske institutt tilbyr også videokonsultasjonar. 



Kontaktinformasjon

Samnanger fysikalske institutt v/Geir Næss: 


Kommunefysioterapeut Åse Waage Tveit: 

Sist endra 13.04.2020 14.25
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering