Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Koronavirusutbrotet i Noreg

Vaksinering mot covid-19

Kommunen starta i veke 1/2021 vaksinasjon mot covid-19. Informasjon om arbeidet vil verta løpande oppdatert på denne nettsida.  

 

Informasjon publisert 25.01.2021

Me er no godt igang med å vaksinera dei eldste i Samnanger, samt helsepersonell. Alle skal ha 2 doser med 3 vekers mellomrom. Foreløpig har alle vaksinerte berre fått dose nr 1.
Pr 21. januar har me vaksinert 33 personar med dose 1. 
Pr 28. januar skal me ha vaksinert totalt 63 personar med dose 1 og 14 personar med dose nr 2.
Pr 4. februar skal me ha vaksinert totalt 87 personar med dose nr 1 og 27 personar med dose nr 2.

Vaksinasjonsdekninga i Samnanger er på linje med dei fleste kommunane i landet elles.  

Ein har full effekt av vaksinen når det er gått 1-2 veker etter dose 2.

Dei neste vekene fortset me med vaksinering av personar som er 85 år og eldre,  samt helsepersonell. 

Dersom du er 85 år eller eldre: Ring koronatelefonen på tlf 966 26 968 mellom kl 09.00 og 14.00 for å verta tildelt time.
Andre aldersgrupper kan venta med å melda seg. 
Etterkvart vil me vaksinera yngre personar nedover på prioriteringslista.
Det vil bli informert i Samningen og på kommunen si heimeside når det vert din tur. Følg med.

Prioriteringsrekkefølge:
  1. Bebuarar i sjukeheim                                                                                     
  2. Alder 85 år og eldre                                                                                    
  3. Alder 75-84 år                                                                                                          
  4. Alder 65-74 år + einskilde personar 18-64 år med særleg høg risiko         
  5. Alder 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand
  6. Alder 45-54 år med underliggjnde sjukdom/tilstand
  7. Alder 18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand
  8. Alder 55-64 år
  9. Alder 45-54 år

For meir informasjon, sjå https://www.helsenorge.no
 

 

Informasjon publisert 21.01.2021

Denne og dei neste vekene fortset me med vaksinering av personar som er 85 år og eldre.

Dersom du er 85 år eller eldre: Ring koronatelefonen på tlf 966 26 968 mellom kl 09.00 og 14.00 for å verta tildelt time.

Andre aldersgrupper må venta med å melda seg. Følg med her på kommunen sine nettsider og i lokalavisa Samningen.


Informasjon publisert 13.01.2021

Denne veka vert bebuarane på Samnangerheimen ferdig vaksinerte. Denne og dei neste vekene fortset me med vaksinering av personar som er 85 år eller eldre. 

Dersom du er 85 år eller eldre: Ring koronatelefonen på tlf 966 26 968 mellom kl 09.00 og 14.00 for å verta tildelt time.

Andre aldersgrupper må venta med å melda seg. Følg med her på kommunen sine nettsider og i lokalavisa  Samningen.


Informasjon publisert 04.01.2021:

Denne veka startar vaksinering mot covid-19 for bebuarar på Samnangerheimen. I neste veke fortset me med vaksinering av alle personer som er 85 år og eldre. Samnanger kommune får tildelt 10 vaksinar kvar veke. Me reknar med å bruka 4-5 veker på å vaksinera ferdig denne aldersgruppa.

Dersom du er 85 år eller eldre: Ring koronatelefonen på tlf 966 26 968 mellom kl 09.00 og 14.00 for å verta tildelt time.

Andre aldersgrupper må venta med å melda seg. Følg med her på kommunen sine nettsider og i lokalavisa  Samningen.



Informasjon publisert 23.12.2020: 

Samnanger kommune får tilsendt 10 vaksinar kvar veke frå måndag 4. januar. Vidare utover vinteren forventar me å få tilsendt større mengder.

Foreløpig vaksinasjonsplan:

  • Veke 1:               Vaksinering av bebuarar på Samnangerheimen
  • Veke 2-5:            Vaksinering av aldersgruppa 85 år og eldre
  • Frå veke 6:         Vaksinering av aldersgruppa 75-84 år.
  • Deretter vaksinering av yngre aldersgrupper. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Denne planen kan verte forandra.

Vaksinen består av to dosar med 21 dagars intervall. Den er frivillig.

Ikkje kontakt legekontoret for reservasjon enno. Informasjon om når den einskilde kan melda seg for vaksinering kjem seinare.

 
 

Informasjon publisert 17.12.2020:

Me vil seinare informera om kva grupper som vert anbefalt vaksinasjon og rekkefølgja mellom desse. Personar som vert prioriterte vil verta kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlege for å setja seg på venteliste.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Pr 15.12.2020 kan det sjå ut som om vaksinasjon kan starta omkring midten av januar.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som vert anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt følgjande prioritering, med de øvste prioritert først:
  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader 
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med ein eller fleire nærmare spesifiserte sjukdomar som dei har fra før. 


Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endrast dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Mer informasjon om koronavaksine, sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no/kvp

 

 

Sist endra 25.01.2021
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering