Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Samnangerheimen

Utbygging ved Samnangerheimen

 

Samnanger kommunestyre vedtok 04.11.2010 at den eldste delen av Samnangerheimen på Haga skal rivast og erstattast med nybygg same stad. Den eldste delen av Samnangerheimen vart bygd på 1950-talet og vart påbygd på 1970-talet. 

Den nyaste delen av Samnangerheimen skal behaldast. Denne delen vart teken i bruk på 1990-talet.

Kommunestyret vedtok 22.06.2011 byggeprogrammet for utbygginga av Samnangerheimen.   

Opprinneleg var planen at det nye sjukeheimsbygget skulle vera innflyttingsklart ved årsskiftet 2013/2014, men av ulike årsaker har prosjektet vorte noko forseinka.

Konkurranse om riving/bygging av sjukeheim vart lyst ut våren 2014. Kommunestyret vedtok 28.08.2014 at kommunen skal inngå kontrakt med firmaet HENT for dette oppdraget.

Rivinga av den eldste delen av sjukeheimen vil etter planen starta i november 2014. Arebeidet med bygging av ny sjukeheim vil starta når rivinga er ferdig. Det nye sjukeheimsbygget er forventa å stå ferdig i mars 2016.


Mellombels sjukeheimsdrift i rive-/byggeperioden
I rive-/byggeperioden vil det ikkje vera sjukeheimsdrift ved Samnangerheimen. Sjukeheimsdrifta vil i denne perioden verta mellombels flytta til anna lokale i kommunen (Hamnahaugen) og til sjukeheimen på Vaksdal. Administrasjonskontoret for sjukeheimen vil vera lokalisert på Hamnahaugen. 

Flyttinga ut frå Samnangerheimen vert gjennomført i veke 45/2014 (første veka i november). Dei som skal bu på sjukeheimen på Vaksdal, flytta måndag 03.11.2014. Dei som skal bu på Hamnahaugen, flytta onsdag 05.11.2014.  


Heimetenester
Heimetenestene (administrasjon etc) vert i rive- og byggeperioden flytta til lokalitetar i Vassloppa barnehage. Dette gjeld frå veke 45/2014.


Psykiatritenesta
Psykiatritenesta vil i rive- og byggeperioden flytta til kontor i BKK-bygget på Frøland. Dette gjeld frå veke 45/2014.   



Møte i kommunestyret 28.08.2014
Kommunestyret vedtok i ekstramøte 28.08.2014 at Samnanger kommune skal inngå kontrakt med firmaet HENT for riving/bygging av ny sjukeheim. Kommunestyret vedtok samstundes finansieringsplan for prosjektet. Brutto totalkostnaden for prosjektet er budsjettert til om lag 122 millionar kroner. Kommunen vil få tilskot frå Husbanken til å dekka delar av desse utgiftene. I tillegg vil kommunen få refundert momsutgifter. Sjå tabellen nedanfor.

 

Forventa kostnad og finansiering
Tekst Sum Merknad
Samla kostnad 122.000.000  
Refusjon av mva. 24.500.000  

Tilskot frå Husbanken til 16
sjukeheimsplassar

25.388.000 16 plassar x 1.586.750
Tilskot frå Husbanken til dagsenter 7.400.000 55% av alle godkjende kostnader inkl. mva.
Tilskot frå Husbanken til 1995-bygget 2.100.000 Som over. Til brannsikring,
sprinkling og delar av kostnad med behandlingsrom
Lån 62.662.000 Kommunestyret har vedteke opptak av lån på 63.000.000.

 


Planteikningar for det nye sjukeheimsbygget
Nedanfor kan du lasta ned planteikningar for det nye sjukeheimsbygget. Der finn du mellom anna informasjon om planløysingar og storleiken på dei ulike romma.


Informasjon frå prosjekgruppa 08.08.2014
Det er sett ned ei prosjektgruppe, som mellom anna har ansvar knytt til planlegging av sjukeheimsprosjektet.  Følgjande personar er med i prosjektgruppa:

  • Brigt Olav Gåsdal (Ap). Leiar.

  • Eva Hellevang (H).

  • Bodil H. Øpstebø (Krf).

  • Tone Ramsli, rådmann.

  • Grete Lill Hjartnes, pleie- og omsorgsleiar.

  • John Inge Sandvik, teknisk eining.

  • Åse Waage Tveit, hovudverneombod/kommunefysioterapeut.

  • Olav Turøy, prosjektleiar frå Asplan Viak
     

Nedanfor finn du lenke til informasjonsskriv frå prosjektgruppa, som stod på trykk i lokalavisa Samningen 08.08.2014.

 


Lenke til gammal informasjonsside om utbygging ved Samnangerheimen
Av praktiske årsaker er det i 2014 oppretta ei ny informasjonsside om utbygging ved Samnangerheimen.

Lenke til den gamle informasjonssida finn du nedanfor. Der finn du diverse informasjon som ikkje er teke med på den nye informasjonssida (sida du no er inne på). Den gamle informasjonssida vert ikkje oppdatert etter januar 2014.

  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Tenesteeining/avdeling (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering