Utleige av skular/kommunale bygg

Lokale på skulane
Lag, organisasjonar og privatpersonar kan søkja om å få bruka lokala på skulane i samband med ulike aktivitetar og tilstellingar.

Det er rektor ved den einskilde skulen som administrerer dette. Ta derfor kontakt direkte med rektor ved den aktuelle skulen for meir informasjon.

Gymnastikksalen i Vassloppa barnehage
Lag og organisasjonar kan også søkja om å bruka gymnastikksalen ved Vassloppa barnehage (tidlegare Nordbygda skule). Det er leiar for barnehageeininga som administrerer utleige av gymnastikksalen ved Vassloppa barnehage.

Storstova på Samnangerheimen
Lag, organisasjonar og private kan søkja om å få bruka lokala i Storstova på Samnangerheimen.Ta kontakt med einingsleiar eller sekretær ved sjukeheimen for meir informasjon. 

Møterom og kjøkken på biblioteket på Bjørkheim (Høgspent'n)
Lag, organisasjonar og private kan søkja om å få bruka møterom og kjøkken på biblioteket på Bjørkheim. Ta kontakt med biblioteksjef for meir informasjon. 

Møterom og kjøkken på kommunehuset
Lag og organisasjonar kan søkja om å få bruka møterom og kjøkken på kommunehuset på Tysse. Ta kontakt med sørvissenteret på kommunehuset for meir informasjon.  

Retningsliner for utleige av kommunale bygg


Betalingssatsar for utleige av kommunale bygg

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.12.2017