Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Val 2017 (Stortings- og sametingsvalet)

Stortings- og sametingsvalet 2017

Her finn du informasjon om stortings- og sametingsvalet 2017. Valdagen er måndag 11. september 2017.  

Innhald: 

 

 

Røystestader og opningstider på valdagen  -  stortingsvalet

Røystestader og opningstider måndag 11. september 2017
Røysteskrins Røystelokale Opningstid
Nordbygda Nordbygda grendahus 10.00 - 20.00
Gjerde Nesodden bedehus 10.00 - 20.00
Tysse Samnanger ungdomsskule 10.00 - 20.00
 

På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er manntalsført i. 

 

Førehandsrøysting
I perioden 10. august - 8. september 2017 er det tilbod om ordinær førehandsrøysting. I tillegg er det i perioden 3. juli - 9. august 2017 tilbod om såkalla tidlegrøysting. 

Tidlegrøysting i perioden 3. juli - 9. august 2017
I perioden 3. juli - 9. august 2017 er det høve til å tidlegrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse, i opningstida på vekedagar kl. 08.30 - 15.00. Ordninga med tidlegrøysting gjeld for veljarar som ikkje kan røysta på valdagen 11. september, eller ved den ordinære førehandsrøystinga i perioden 10. august - 8. september 2017. Personar som ønskjer å tidlegrøysta, må kontakta kommunen på telefon 56 58 74 00 for å avtala tid. Tidlegrøystinga må skje i opningstida på kommunehuset, som er kl. 08.30 - 15.00. 

Førehandsrøysting på kommunehuset i perioden 10. august  - 8. september 2017
I perioden 10. august - 8. september 2017 er det høve til å førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset kl. 08.30 - 15.00 på kvardagar.

Førehandsrøysting på Bjørkheim laurdag 2. september og torsdag 7. september 2017
Det vert høve til å førehandsrøysta i det nye biblioteket på Bjørkheim følgjande dagar: 

  • Laurdag 2. september 2017 kl. 12.00 - 16.00. 
  • Torsdag 7. september 2017 kl. 15.00 - 19.00. 


Ambulerande røysting/heimerøysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan røysta ved ordinær røysting, kan søkja om å få røysta heime. Du kan søkja skriftleg til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, eller du kan søkja munnleg ved å ringja ekspedisjonen på kommunehuset på tlf. 56587400. Søknaden må vera komen til kommunen seinast onsdag 6. september 2017.  

Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Det vil verta tilbod om å førehandsrøysta på Samnangerheimen for bebuarar ved sjukeheimen og andre brukarar av pleie- og omsorgstenestene. Dato er pr. d.d. ikkje fastsett.   


Kven kan røysta ved stortingsvalet?
Alle som vert 18 år i 2017 og er norske statsborgarar kan røysta ved stortingsvalet.

Det er ein føresetnad at du står oppført i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017.  


Kven kan røysta ved sametingsvalet?
For å kunne røysta ved sametingsvalet må du ha røysterett ved kommunestyreval og i tilllegg vera registrert i Sametinget sitt valmanntal. 

Det er høve til å førehandsrøysta til sametingsvalet i alle kommunar i landet i perioden 1. juli - 8. september 2017.

På valdagen 11. september 2017 er det berre høve til å røysta i kommunar som har fleire enn 30 manntalsførte i Sametinget sitt valmanntal. 

Meir informasjon om sametingsvalet finn du her
 

Krav til legtimasjon ved røysting
Veljarar som er ukjende for røystemottakar, skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon når du kjem for å røysta. Gyldig legitimasjon må innehalda veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.


Valkort
Det vert sendt ut valkort i posten til alle som står i manntalet. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekka om du står i manntalet. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar.  


Utlegging av manntal til offentleg ettersyn
Etter vallova § 2-6 skal valstyret leggja manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera, vanlegvis frå tidleg i juli.

Manntalet for Samnanger kommune vil liggja ute til offentleg ettersyn til og med valdagen 11. september 2017, mellom anna i ekspedisjonen på kommunehuset. Nærmare informasjon om dette vil bli lagt ut i løpet av første halvdel av juli. 


Krav om innføring i manntalet
Dersom du ikkje står i manntalet for Samnanger kommune, og meiner dette er feil, kan du senda krav til kommunen om innføring i manntalet. Krav må fremjast skriftleg til:

 

Vallister og kandidatar til stortingsvalet 2017
Oversikt for alle fylke, sjå https://www.regjeringen.no/no/portal/valg/valglister-og-kandidater-2017 


Møteprotokollar og sakspapir for valstyret i Samnanger
Møteprotokollar og sakspapir for valstyret finn du her.

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 24.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering