Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Val 2019

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Her finn du informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Valdagen er måndag 09.09.2019. 


Innhald: 




Valresultat
Informasjon om valresultatet finn du her

Vallister kommunestyrevalet 2019
Vallistene til kommunestyrevalet 2019 i Samnanger vart godkjent av valstyret 23.05.2019. Det er til saman sju vallister:  



Tidlegrøysting og førehandsrøysting
Veljarar skal kunne førehandsrøysta innanriks frå 01.07.2019. Røystegjeving i perioden 01.07.2019 - 09.08.2019 vert kalla "tidlegrøysting". Den ordinære førehandsrøystinga startar 10.08.2019 og varer til og med fredag 06.09.2019. 

Tidlegrøysting
Det er tilbod om tidlegrøysting på Sørvissenteret på kommunehuset på Tysse på kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00 i perioden 01.07.2019 - 09.08.2019.  

Ordinær førehandsrøysting
Det er tilbod om ordinær førehandsrøysting på Sørvissenteret på kommunehuset på Tysse på kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00 i perioden 12.08.2019 - 06.09.2019. 

Førehandsrøysting på biblioteket på Bjørkheim
Det er tilbod om førehandsrøysting på biblioteket på Bjørkheim følgjande dagar: 

  • Torsdag 29.08.2019 kl. 15.00 - 19.00
  • Laurdag 31.08.2019 kl. 10.00 - 14.00
  • Torsdag 05.09.2019 kl. 15.00 - 19.00


Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Det er tilbod om førehandsrøysting på Samnangerheimen for bebuarar på sjukeheimen og andre brukarar av pleie- og omsorgstenestene. Dato/tidspunkt er onsdag 03.09.2019 kl. 11.30 - 13.00.  

Førehandsrøysting heime (ambulerande røysting)
Veljarar som på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan røysta påved ordinær røysting, kan søkja om å få førehandsrøysta heime. Du kan søkja skriftleg til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no, eller du kan søkja munnleg ved å ringja ekspedisjonen på kommunehuset på tlf. 56587400. Søknaden må vera komen til kommunen seinast tysdag 03.09.2019. Perioden for ordinær førehandsrøysting er 10.08.2015 - 11.09.2015. Førehandsrøystinga heime vil skje onsdag 04.09.2019 og torsdag 05.09.2019, ved at valmedarbeidarar frå kommunen reiser rundt til dei som har søkt om å få røysta heime.  

  


Førehandsrøysting i utlandet
Sjå informasjon på Valdirektoratet sine nettsider


Røystestader og opningstider på valdagen måndag 09.09.2019

Røystestader og opningstider måndag 09.09.2019
Røystekrins Røystelokale Opningstid
Nordbygda Bibiloteket på Bjørkheim  10.00 - 20.00
Gjerde Nesodden bedehus 10.00 - 20.00
Tysse Samnanger ungdomsskule 10.00 - 20.00


På valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er manntalsført i. 


Kven kan røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet?
Reglar om dette står i § 2-2 i vallova.

 

Krav til legitimasjon ved røysting
Veljarar som er ukjende for røystemottakar, skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon når du kjem for å røysta. Gyldig legitimasjon må innehalda veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.


Valkort
Det vert sendt ut valkort i posten til alle som står i manntalet. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekka om du står i manntalet. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar. 


Utlegging av manntal til offentleg ettersyn
Etter vallova § 2-6 skal valstyret leggja manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera, vanlegvis frå tidleg i juli.

Manntalet for Samnanger kommune vil liggja ute til offentleg ettersyn til og med valdagen 09.09.2019, mellom anna i ekspedisjonen på kommunehuset. Nærmare informasjon om dette vil bli lagt ut i løpet av første halvdel av juli. 


Krav om innføring i manntalet
Dersom du ikkje står i manntalet for Samnanger kommune, og meiner dette er feil, kan du senda krav til kommunen om innføring i manntalet. Krav må fremjast skriftleg til:

  • Valstyret i Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, 
  • eller til epost: postmottak@samnanger.kommune.no



Møteprotokollar og sakspapir for valstyret
Møteprotokollar og sakspapir for valstyret finn du her

 

 



 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 13.09.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering