Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Varsling 24

Varsling 24

Samnanger kommune har tatt i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å varsla innbyggjarar i eit geografisk område om hendingar via SMS.

Varsling 24 kan varsla via SMS, e-post, og talemelding til fasttelefon.



Når blir systemet brukt?

Kommunen informerer nå innbyggjarane digitalt ved hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vera ved vasstenging, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.

 


Korleis finn me deg?

Det blir nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Me anbefaler deg å leggja inn mobiltelefonnummer ditt og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil henta kontaktinformasjonen herfrå, for eksempel vedrørane skattemeldinga. Oppdateringa av opplysningane din kan du gjera her: 
Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereinheit hos Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/ 

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytta dersom du ønsjer å motta varsel for ei bedrift eller for i adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. 
Sjå https://varslemeg.no/

4) Fritidseigedommar:
Varsling 24 varslar fritidseigedommar med matrikkelkodane 16 og 17 
161 - Fritidsbygning (hytter, sommerhus o.l.)
162 - Helårsbolig benyttet som fritidsbolig
163 - Våningshus benyttet som fritidsbolig
171 - Seterhus, sel, rorbu o.l.
172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme

Det er eigarane av desse eigedommane som blir varsla. Der eigedommen er festa er det festar som vert varsla. Kontaktdata finner me slik det er beskrive under privatpersonar/bedrifter ovanfor.



Har du ikkje blitt varsla?

1) Er du folkeregistrert på adressa di?
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon
 


Kva kan du gjera?
Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Dersom du bur ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i kommunen sitt Tilleggsregister. Husk å endra dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre nytta av kommunen din.

Registrer telefonnummeret i kommunen sitt tilleggsregister her:
https://www.varslemeg.no
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder
Kommunen sitt tilleggsregister knyter kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen for verksemda vil motta varsel på SMS dersom SMS vert sendt fra kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å driva verksemda si, for eksempel: 

  • Sjukeheim
  • Lege og tannlege
  • Barnehagar og skular
  • Serveringsstader/kafèar


Registrer verksemda si i kommunen sitt Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift)

 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 31.10.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering