Skulefritidsordning (SFO)

Fast leiar for skulefritidsordninga (SFO) ved Samnanger barneskule er Tina B. Norup. 


Praktiske opplysningar for foreldre/foresatte:
Tlf. Samnanger barneskule: 56 58 99 80
Tlf. SFO Samnanger barneskule: 48 89 95 49

De kan ringja til direkte til SFO morgon og ettermiddag og heile onsdagen.

Det er fint om de kan kontakta rektor på e-post for å gje opplysningar og informasjon. 

Om skulefritidsordninga
Skulefritidstilbodet i Samnanger kommune er eit omsorgs- og aktivitetstilbod for barn frå 1.trinn til 4. trinn og funksjonshemma barn i 1-7. trinn. Skulefritidsordninga skal saman med heimen skapa trivsel og gode oppvekstvilkår for kvart einskild barn. Heilskapen i aktivitetstilbodet vert vektlagt. SFO skal drivast i tråd med skulen sitt verdigrunnlag og vedtektene for SFO. Rektor er ansvarleg for skulefritidsordninga ved skulen. Denne informasjonen inneheld eit samandrag av vedtektene. 

Innhald i skulefritidsordninga
Rammeplan for skulefritidsordninga er vedteken i kommunestyret. Rektor har ansvar for at SFO lagar ein plan for skuleåret. Brukarane ved foreldra vert inviterte til å vera med i dette arbeidet.

Planen for skulefritidsordninga bør seia noko om kva ein ventar av tilbodet og kvarandre. Han må og innehalda ei grovskisse over aktivitetane gjennom året. Hovudvekt bør leggjast på SFO som base for fri utfalding og bruk av uteområdet kring skulen.

Planen bør seia noko om følgjande punkt:

  • samsvar med skulen sine mål og retningsliner
  • frie/organiserte aktivitetar
  • felles/gruppeaktivitetar
  • fri/organisert leik
  • eventuelle aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar

 


Kostnad

Kommunestyret vedtek kvart år betalingssatsane for SFO-tilbodet i samband med handsaming av budsjettet. Kostnad kvart skuleår går fram i betalingshefte for kommunale avgifter.

Betaling for opphald
Opphaldet skal betalast kommunekasseraren på forskot innan den 20. i kvar månad. Betaling for opphald i skuleferiar er inkludert i månadssummen i høve til kor stor plass barnet har. Ved sjukdom hos barnet ut over 14 dagar, der ein kan leggja fram attest frå lækjar, vert det gjeve betalingsfritak for fråversperioden. Barn som treng ekstrahjelp i SFO, kan få det utan ekstrakostnad for foreldra.

Betalinga er for 11 mnd og gjeld for eit SFO-tilbod på 210 dagar. Desse er fordelt på 190 dagar i tråd med skuleruta, og 20 dagar utanom skuleruta til opphald i feriar. Eit barn med 100% plass kan t.d. bruke 5 dagar i haustferien, 5 dagar vinterferien og 10 dagar i sommarferien (t.d. 5 dagar etter skuleslutt og 5 dagar før skulestart). Barn med redusert plass vil kunne ta ut feriedagar i høve til sin prosent. (70% opphald gir 14 feriedagar, 40% opphald gir 8 feriedagar).  

Opningstider
Opningstidene i SFO følgjer opningstidene i barnehagen. Det vert gjeve tilbod om SFO frå klokka 07.00 til skulestart om morgonen, og frå skuleslutt til klokka 16.30 om ettermiddagen.

SFO er stengt laurdagar, alle helgedagar, jul- og nyttårsafta. Ordninga stengjer kl.12.00 onsdag før skjærtorsdag. Etter ferien, som er lik for barnehagen og SFO, vert det gjeve tilbod om heildagsopphald fram til skulestart. Når det gjeld haustferie, jul- og vinterferie og andre fridagar og vekene frå skuleslutt fram til ferien, vert det sendt ut påmeldingsskjema. Påmeldinga er bindande.

Planleggingsdagar
Skulefritidsordninga har 5 planleggingsdagar pr. år. Då er SFO stengt. Desse dagane vert dei same som for skulen.

Måltid
Det er ikkje matservering i SFO. Barna må eventuelt ha med seg ekstra matpakke og eventuelt mjølk.

Inntaksperiodar

 

  • Hovudinntak av barn skjer i vår halvåret og gjeld for eitt skuleår. Påmeldinga må vere skriftleg.
  • Inntak i skuleåret kan og gjerast og gjeld i regelen ut det skuleåret inntaket er gjort.
  • Oppseiing av plassen må vera skriftleg, og skal sendast til Samnanger barneskule. Oppseiing må som hovudregel vera komen til skulen innan 1. i månaden før barnet sluttar. Dersom plassen vert sagt opp etter 1.april, må ein likevel betala for resten av driftsåret.
  • Endring av opphaldstida i skuleåret må meldast skriftleg med minst to vekers varsel.


Dersom det er ting de lurer på, kan de ta kontakt med rektor ved Samnanger barneskule.

Eg håpar på eit godt samarbeid til beste for barna i SFO!

 

 

 

 

 

 



Med helsing
Rektor Samnanger barneskule
                       

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.08.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
48 89 95 49
E-post :
Tina.Bisgaard.Norup@skule.samnanger.no
Tittel :
SFO-leiar
Bunnhjørne
Tenesteeining/avdeling (2)
Planar/reglement (1)
Tenesteskildringar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering