Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Standard for vintervedlikehald/vegbrøyting i Samnanger kommune

Naturutvalet vedtok 16.06.2011 standard for vintervedlikehald/vegbrøyting for kommunale vegar i Samnanger:  

__________________________________________________________


Standard for vintervedlikehald/vegbrøyting i Samnanger kommune


Målet med vinterdriftstiltak er å framskaffa tilfredsstillande veggrep og framkomelegheit både for kjøretrafikk og dei mjuke trafikantane. Bussvegar og gangvegar vil derfor prioriterast.

Brøyting
I kommunen sin standard for vintervedlikehald er følgjande kriteria lagt til grunn ved oppstart brøyting:

  • Brøyting av kommunale vegar ved snødjupn 8-10 cm.


Ved snøfall om natta skal vegar med høg prioritet vera gjennombrøyta til kl.07.00 på kvardagar og til kl. 08.00 på helgedagar.
Ved store snøfall vil brøyting ta lengre tid, og me vil oppleva at det oppstår problem med brøyting, rydding av fortau, kryssrydding og redusert standard på snuplassar.
Dei viktigaste vegane vert brøyta etter behov og standard heile døgnet, medan brøyting på resten av vegnettet vert utført på dagtid og når snømengda er over 10 cm. Brøyting kan også startast på lågare snødjupn, når dette er fornuftig totaløkonomisk (for eksempel før veromslag, våt snø osv.).

I tida mellom kl 21.00 og 06.00 må trafikantane akseptera vanskelegare kjøreforhold enn om dagen.
Når det ryddast vekk snø frå privat tomt, vil det vera forbod mot å leggja snøen i vegbana.

Strøing
Kommunen brukar sand og salt til strøing. Arbeidet vert utført etter oppsette strøruter og i spesielt bratte og vanskelege bakkar samt i svingar og framfor veggkryss.
Strøing av offentlege plassar, fortau og gang- og sykkelvegar vert prioritert og vert utført jamleg når forholda tilseier det. Servicestrøing av kommunale vegar vert berre gjort når friksjonsforholda er ekstremt dårlege (is). Teknisk eining utplasserer strøkassar på dei mest strategiske plassane i kommunen.

Tronge gater/parkering
En del gater og vegar er tronge, og kantparkering kan gjera desse uframkomelege vinterstid. For at framkomelegheit skal oppretthaldast for større kjøretøy, er det nødvendig å ha ei fri breidde på 3 m. Er breidda mindre kan det ikkje parkerast i vegkanten, alternativt må det måkast plass til bilen.
Brøytemannskap har ordre om ikkje å "pressa seg fram'" i vegar der det kan oppstå fare for skader på parkerte kjøretøy. I slike tilfelle vil vegane naturlegvis få ein dårlig standard og fremkomelegheitafor trafikantene vil verta redusert.

Samnanger kommune, Teknisk eining oppmodar publikum om å bidra med både eigen snørydding og parkering på ein slik måte at brøytemannskapet kan få utføra jobben sin slik at vegnettet også i vinterhalvåret har ei akseptabel vegbreidde og standard.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 06.10.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Tenesteeining/avdeling (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering