Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Avtalegiro

Den enklaste måten å betala rekningar på er å bruka AvtaleGiro. Dette er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar.

Samnanger kommune har etablert ei ordning med bruk av AvtaleGiro for alle kundane våre. Dette er ei teneste der dei faste rekningane frå kommunen som t.d. kommunale avgifter, husleige, barnehage, SFO, heimehjelp og kulturskule automatisk vert betalte på forfallsdagen. Alle rekningar frå Samnanger kommune som har KID-nummer kan betalast med AvtaleGiro.

Fordelar med AvtaleGiro:

  • AvtaleGiro er enkelt. Du slepp å tenkja på å betala rekningane sjølv.
  • Banken din ordnar betalingane for deg på forfallsdato.
  • Du slepp purringar og gebyr på grunn av sein betaling.
  • Du vert alltid varsla i forkant av ei betaling.
  • Du kan enkelt stoppa ei betaling før forfallsdato.
  • AvtaleGiro er ein av dei rimelegaste måtane å betala rekningar på. Kontakt banken din for å få informasjon om kva det kostar.


Du kan skaffa deg AvtaleGiro med Samnanger kommune direkte gjennom banken din, enten gjennom nettbank eller ved å ta direkte kontakt med banken. I dei fleste nettbankar vil du få spørsmål om du ønskjer å bruka AvtaleGiro når du betalar ei rekning som har KID-nummer.

Dersom du ønskjer meir informasjon om bruk av AvtaleGiro for betaling av rekningar frå Samnanger kommune, ta kontakt med økonomikontoret.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.08.2012
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 31
E-post :
nina.erdal@samnanger.kommune.no
Tittel :
Økonomisjef
Bunnhjørne
Hovudside (1)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering